Trykk her for registrering & påmelding

 

yoga-for-eit-betre-svangerskap

Vi held svangerskapsyoga på Helsesenter i Bergen, 33 Sverresgate mandagar og onsdagar kl. 16:30 – 18:00

Denne linken er svært interessant om korleis du kan få den fødselen du vil ha.

Svangerskapsyoga

Frå veke 13 i svangerskapet, inviterer vi til svangerskapsyoga.

Dette er for deg som ynskjer fysisk og mental fødselsførebuing, og ein mjuk start på livet til barnet.

Dette er rolege og meditative yogatimar, der du får sjansen til å verkeleg kjenne på endringane i kropp og sinn. Ein unik periode i livet, som dannar grunnlaget for så mykje av det som kjem etter. Finn tid til å passe på deg sjølv no, og få gode vaner som tener deg heile resten av livet…

Vi trener bekkenmusklar, gjer pusteøvingar, avslapping, visualisering og meditasjon. Vi er opptekne av alt som skjer i svangerskapet, og av kontakten mellom mor og barn. Du får gode reiskaper du kan ta med deg vidare.

Det vert høve til å ta med fødselspartnar til nokre av timane.

 

We are happy to teach the class in English, upon request.

Vi tilbyr også postnatal yoga – timane går saman til det vert nok deltakarar til å halde eigne timar.

Subscribe to our newsletter

* indicates required

I samarbeid med

site-logomorogmeg_logo-rosa