Pause, avkopling, opplading og sjølvomsorg. Somme tider treng vi litt ekstra støtte, litt ekstra tid til oss sjølve. Til å puste, til å lande.

Miniretreats kan være løysinga for deg: her får du tre timar med rolege, særskilt tilpassa yogasekvenser, meditasjonar, pusterørsler og kvile. Du får tid til å nullstille deg.

Eg tilbyr miniretreats med jamne mellomrom. Dei kjem inn som ei mjuk avslutting på kvart yogaprogram, og vi kjenner på årtidsendringar og lystilhøva. Vi bruker Lysmeditasjonarboka, og tenkjer saman på vekene som har gått og vekene som kjem. Eg held også miniretreats ved andre høve, og på etterspurnad.

Miniretreat høver for deg som kjem jamnleg på yogatimane, og for deg som gjerne vil, men ikkje har tid. I miniretreatane våre får du reiskaper til sjølvomsorg, her er det du – og heile du – som står i sentrum. Alle rørslene er gode og vare, pusteøvingene mjuke og meditasjonane gode og komfortable. Dette er ein trygg stad å være.

Miniretreatane er stille og rolege, og kanskje akkurat det du treng?

Send meg gjerne spørsmål om miniretreats, eller du kan sjå på timeplanen og melde deg på der det høver for deg. Du er hjarteleg velkomen.

 

Kanskje du også kunne tenkje deg ein miniretreat som del av eit før-bryllupsprogram, eller etter eksamen?

 

Kanskje det er den perfekte aktiviteten for klubben, eller teambuilding for jobben.

Fødselsdagsfest, påfyll i foreldrepermisjon, eller pensjonsgåve?

Kanskje du har gjestar, og vil gjere noko utanom det vanlege saman med dei?

Eg kan legge til rette for det.

Bruk skjemaet til høgre, og send meg ei melding, så set vi opp ein miniretreat på ei tid som høver for dykk.

Datoar for miniretreats i 2024:

 

20. mars 16:30 – 19:30

1. mai 16:30 – 19:30

19. juni 16:30 – 19:30

31. juli

25. september

30. oktober

18. desember

Tid: 16:30 – 19:30

 

Pris: 575kr/489kr student

 

Klikk her for registrering & påmelding

Eg kan også sette opp miniretreats for lukka selskap på 4 – 8 personar.

Miniretreat

4 + 4 =