Svangerskapsyoga

Eg inviterer til kurs i svangerskapsyoga. Rolege timar med små grupper, for gravide frå veke 13 i svangerskapet. Kurset høver for alle gravide, også for deg med bekkenplagar, og som ikkje er kjend med yoga frå før 🙂 Vi trener bekkenmusklar, gjer pusteøvingar, avslapping, visualisering og meditasjon.

 

Dette er for deg som ynskjer fysisk og mental fødselsførebuing og ein mjuk start på livet til barnet. Dette er rolege og meditative yogatimar, der du får sjansen til å verkeleg kjenne på endringane i kropp og sinn, og førebu deg til fødselen og tida etterpå. Det vert høve til å ta med fødselspartnar på den siste timen. Dette er ein unik periode i livet, som dannar grunnlaget for så mykje av det som kjem etter. Finn tid til å passe på deg sjølv no, og få gode vaner som tener deg heile resten av livet…

 

Betal med kort på første time.

I am happy to teach the class in English, upon request.

 

Jeg anbefaler svangerskapsyoga på det varmeste til alle som skal føde. Det var deilig å ha en oase av fred og velvære i en hektisk hverdag gjennom svangerskapet. I tillegg hjelper det VIRKELIG å redusere smerter under fødselen. Jeg kan ikke tenke meg en bedre gave til den blivende mor! Lykke til med svangerskapet og fødselen!
Reyes, Bergen

Kursstart 2023

 

Det er ikkje sett opp kurs i 2023 enno.

Pris: 1380kr / 1104kr student

Denne linken er svært interessant om korleis du kan få den fødselen du vil ha.