Meistring & Livskvalitet

 

Dette er eit yogakurs for deltakarar med kroniske tilstandar. Fellesnemnaren er at deltakarane gjerne treng litt tid til å kjenne på korleis kroppen reagerer på rørslene. Vi held oss godt innanfor komfortsonen, alt skal kjennast godt, og arbeid med kroppen i staden for mot kroppen.

Vi gjer varsame, rolege rørsler innanfor det som er komfortabelt og trygt for kvar einskild deltakar. Vi jobbar mykje med pusten, kjernemuskulaturen og ryggen i timane, og får ein djup avkobling og kvile. Vi har fokus på meistring og livskvalitet, samt problematikk tilknytta kroniske tilstander.

Kurset har lav terskel: deltakarane sit på stolar i byrjinga og styrker musklar varsamt for betre haldning. Deltakaren har tid til å kjenne på eigne grenser og meistring. Målet med kurset er å auke styrke, mobilitet og rørslerom, samstundes som vi kjenner aukande meistring og livskvalitet.

Mange av teknikkane kan gjerast heime når du har lært dei. Etter kurset vil du ha nok kunnskap til å ta del i dei andre yogatimane våre. Gler oss til å sjå deg!

Dersom organisasjonen din er interessert i dette kurset, har eg kapasitet våren 2024. Ta kontakt, og så kan vi prate om kva de treng 🙂 Kurset kan tilpassast deltakargruppa.

I samarbeid med Bergen Revmatikerforening er dette kurset tilrettelagt for medlemmane deira og heldt som 16-vekers kurs vår og haust frå 2018 og utover.

 

I samarbeid med Bekhterevforeningen Bergen og Omegn var dette kurset tilrettelagt for medlemmane deira og heldt som 8-vekers kurs hausten 2021 og våren 2022.