Reiki er ein praksis med naturleg leging som vart utforma i Japan – ordet Reiki tyder Universell Energi. Reiki er ein hands-on terapi der terapeuten kanaliserer denne universelle energien til pasienten, og der den støttar pasienten sin kropp, sjel eller sinn der den trengst mest. Denne energien opplevast som regel som ein mjuk varme, og seiast å kunne hjelpe med å gjenopprette harmoniske balansar i kropp, sinn og sjel.

Reikiutdanning varierer frå stad til stad – det er vanleg å la studenter gå i lære hjå ein meister i fleire år, men det er også mogeleg å gje kortare formell utdanning med mykje oppfølging i etterkant. Allmennignen velgjer det siste, og held Reiki- og yoga helgekurs ved jamne mellomrom.

Du vil få alle reiskapene du treng for å kunne praktisere og lære bort Reiki, og vi gjer spesielt utvalde Dru yogasekvensar for å støtte læringsprosessen. Det vil ta litt tid før all denne nye kunnskapen landar i kroppen og vert fullstendig integrert, kor lenge er veldig individuelt. Du får: Reikiundervisning & attunements, yogatimar, meditasjon, lære- og referansebok, kursbevis og diplom, lett middag på fredag og lunch laurdag og søndag. Støtte og oppfølging i ettertid er del av pakka 😃 Kurset går enten på norsk eller engelsk. Læreboka er på engelsk, og vi følgjer Diane Stein sin læremodell. Kurspakke 5000kr.

Dette er den første av fem leveregler for Reikiutøvarar. I Austen er det vanleg med etiske leveregler for utøvarar av ulike yrke. Dette har gjerne samanheng med at mange av yrkene var relaterte til klosterliv og det regulerte levesettet der. Dei fem levereglane for Reikiutøvarar har mange oversettjingar, men desse er dei vi likar best. Vi mediterer på desse levereglane, og freistar a gjere dei til ein integral del av liva våre.

 

 

Vi held Reikisamlingar ein gong i månaden. Sjå kalendaren vår for dato og påmelding. Her byggjer vi nettverket vårt, vi deler åpningar/attunements med dei som allereie har teke reikikurs hjå oss, og vi diskuterer ulike aspekt ved Reiki og det å være Reikiutøvar. I haust tek vi for oss ulike tradisjonar og historien til Reiki, og til våren diskuterer vi dei fem levereglane etter tur. Her samlast vi som likemenn, og tek også varmt imot dei som er nyfikne og vil lære litt meir før dei melder seg på Reikikurs.

Dei tre delene ved Reiki:

Gassho

Intensjon

Behandling