Raudt Telt i Bergen

 

Det Raude Teltet var den staden dei menstruerande kvinnene trekte seg attende til. Det var staden dei fortalte historier, song og lærte av einannan, og det var staden dei gamle kvinnene lærte dei unge. Dette var ein fristad for kvinnene, ein stad dei kunne slappe av, kvile seg og late dei kroppslege og mentale prosessane som er tilknytt menstruasjon, finne stad. Det er iallefall dette vi vert fortalt, og den Raude Telt-rørsla er no ei global rørsle som trekk til seg kvinner – og andre – frå ulike bakgrunnar og aldre.

 

Vi har starta eit Raudt Telt her i Bergen, med samlingar som finn stad ein gong i månaden. Vi inviterer til samlingar om kva det vil seie å være kvinne. I desse samlingene har vi stor takhøgde og tek imot tanker og erfaringar med ope sinn. Vi diskuterer, mediterer, og fortel forteljingane våre. Tema dekker alt frå kropp, religion, tradisjon, kunst, politikk, arbeidsliv, livskvalitet og eigenverd, med mykje meir. Frå tid til anna inviterer vi gjestar til å halde foredrag. Samlingane er gratis, og åpne for alle. Samlingane vert leia av Ingvild, som er holistisk terapeut, yogainstruktør, sosialantropolog og sosial entrepreneur. Menstruasjonssyklusen er tett forbunne med månesyklusen, som du som ynskjer å arbeide djupare med dei spirituelle prosessane, og eventuelt finne attende til noko du kanskje har kome bort ifrå, så er du hjarteleg velkommen til å ta del i yogatimane våre også. Det er kanhende særskilt fullmånetimane som vil være interessante for deg, som gode rammar for vekst og utvikling.

 

Det Raude Teltet er ein trygg stad å være, og det vi deler her har vi alle teieplikt om. På dette viset skapar vi ei trygg samling, der vi kan snakke og utforske ting vi ikkje har andre plassar for, vi kan åpne oss, syne kjensler og bygge eit varmt søsterskap saman. Vi vonar at du vil være med og gjere samlingane til minnerike og gode stunder, og ser fram til å sjå deg der 😃

 

Sjå kalenderen vår for registrering & påmelding.