Eteriske oljer må handsamast med kunnskap og respekt. Ingvild Skodvin Prestegård har utdanning frå England og medlemskap i det anerkjente Federation of Holistic Therapists som aromaterapeut. Dette gjer Allmenningen godt skikka til å nytte dei delikate og kraftfulle eteriske oljene i behandlingane og yogatimane våre. Her freistar vi å gi ei lita oversikt over nokre av dei viktigaste eteriske oljene vi brukar, og kvifor vi har valgt dei. For meir informasjon om eteriske oljer kan du vitje nettsida til Base Formula, ein av leverandørane våre. Ein annan god ressurs for informasjon om eteriske oljer er New Directions.

Lavendel (Lavendula Officinalis) Dette er ein av dei aller mest brukte plantene i heile den vestlege verda – ordet «vaske»  på latin er lavere, og vitnar om at ein nytta lavendel i vaskevatnet frå gamalt av. No vert lavendel nytta mykje for den klare dufta, men den eteriske olja har også gode terapeutiske krefter. Olja er sagt å vere roande, gje god søvn, antiseptisk (det seiast at nytta til eteriske oljer vart oppdaga då eit brannsår vart behandla med lavendelolje og læktes fort og utan arr), og balanserande på kropp og sjel. Lavendel finnst i fargane kvit, rosa og ulike blå og blågrå tonar – betre kjent som lavendel…

Peppermynte (Mentha Piperita) Myntefamilien er mykje nytta for både smak og duft, og peppermynten er rekna for å vere den finaste av dei alle. Ein skal vere varsam med peppermynten, den kan lett verke overveldande dersom ein brukar for mykje. Duftar reint og friskt og er bakteriehemmande – vert mykje nytta i tannkrem og i fotbad av denne grunn. Peppermynte er oppkvikkande og verkar visstnok skjerpande for hjernen…

Rose (Rosa Damascena) er den vakraste, dyraste olja av alle… Ofte nytta i behandling av pms, menstruasjonssmerter, overgangssymptomer, angst og depresjon. Også svært nyttig i andletsolje. Dette seiast å være den beste olja for kvinner.

Rosetre (Aniba Rosaeaodora) er ei aromatisk olje som gjerne kan nyttast aleine. Vær merksam kvar olja er hausta: rosetre er eit utryddingstrua tropisk tre, og berre olje frå godkjende velstyrte omplantingsprosjekt er forsvarleg. Samstundes som vi nyttar oljer til terapi har vi ansvar for å ta vare på jorda vår. Rosetre vert mykje nytta for å finne balanse og harmoni, og er ei anna olje som seiast å være særs god for kvinner.

Mandarin (Citrus Madurensis) er ei olje mykje nytta i behandling av uro og ubehag, trygg både for barn og i svangerskap. Olja har ei mjuk og var duft, og er oppløftande og roande.

Grapefrukt (Citrus Paradisi) er meir stimulerande enn mandarin. Friskare i dufta, olja seiast å gje energi og konsentrasjon. Ei god og frisk olje som gjev ein ekstra dimensjon til blandingar.

Sitron (Citrus Limonum) er den mest kjende av alle sitrusfruktene. Klar og oppfriskande i dufta, sitron har ofte vorte nytta i vasking. Seiast å vere god for lymfesystemet, og ha rensande eigenskaper.

Virak (Boswellia Carteri/Thurifera) er det vi på norsk kjenner som «røykelse» frå bibelen. Denne oljen er utvinna frå kvae, den er seig og tung og duftar himmelsk. Virak seiast å være god for aldrande hud, og er også nytta som røykelse i kyrkjer. Olja har ei roleg og meditativ duft, og blandast særs godt med rose eller sitron.

Myrra (Commiphora Myrrha) var den andre gåva Jesusbornet fekk. Myrra, som virak, er utvinna frå kvae og er ei tjukk og seig olje. Olja har vore mykje nytta ved pustevansker, og har ein djup og litt bitter duft. Seiast å være god for immunforsvaret.

Timian (Thymus vulgaris) Legenda seier at planten oppstod frå tårene til Helena av Troja. Timian er mykje nytta både for smak og duft, og har gode antibakterielle eigenskaper. Svært nyttig i førebygging og handsaming av forkjøling eller andre luftvegsplagar, men må brukast med måte. Skal ikkje brukast i svangerskapet.