For å bestille time til holistisk terapi, klikk herregistrer deg og meld deg på til den privattimen som høver for deg.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Thaimassasje

Thaimassasje er ein trykkmassasje som komplementerer yoga særs godt. Pasienten ligg på ein madrass på golvet, og terapeuten trykker og strekk pasienten i behandlinga. I Allmenningen har vi ein mjukare-enn-vanleg tilnærming til thaimassasje, og lovar at det ikkje skal gjere vondt, men berre være godt heile tida ? Ingvild er utdanna i Thailand, og tykkjer det er fint å kunne tilby denne tradisjonelle austlige terapien til pasientar her i Bergen. Thaimassasje høver særs godt for å arbeide med ledd-og muskelproblem, stressproblematikk og kroniske problem.

Aromaterapi

Aromaterapi er massasje med velduftande, eteriske oljer som seiast å ha terapeutisk verknad. Pasienten ligg på ein massasjebenk medan terapeuten roleg masserar oljene inn i huda. Aromaterapi komplimenterer dei emosjonelle prosessene i yoga særs godt. Ingvild er utdanna i England, og er medlem i fag- organisasjonen Federation of Holistic Therapists. Aromaterapi høver særs godt for å arbeide med ledd-og muskelproblem, stressproblematikk og kroniske problem.

 

Vi nyttar aromaterapi i workshoppane våre, då får du sjansen til å prøve deg fram sjølv. Sjekk timeplanen vår for søndagsworkshops, vi held ein workshop mot slutten av kvart program. Dette er høgdepunktet, der alt vi har jobba med i vekene før kjem saman. Desse workshoppane har få plassar, så hugs å melde deg på i god tid ?

Her er litt meir informasjon om aromaterapi for deg som er nyfiken…

Reiki

Reiki tyder Universell Energi og er ei trygg og roleg behandlingsform. Terapeuten arbeider med kroppen sine eigne legingsmekanismar og held hendene stille på, eller over, pasienten i løpet av behandlinga. Reiki vart systematisert i Japan for godt over 100 år sidan, og har røter i klinisk omsorgsarbeid. Reiki komplimenterer dei mjuke prosessane i yoga særs godt. Ingvild er utdanna i England, og held både Reikisamlingar og utdanningshelgar her i Bergen. Reiki høver særs godt for å arbeide med ledd-og muskelproblem, stressproblematikk og kroniske problem.

 

For meir informasjon om Reikisamlingar, sjå her

For meir informasjon om Reikiutdanning, sjå her

Arbeidsmetode

Den første timen tar 1 ½ time og inkluderer ein lengre konsultasjon der ein går over helseståa no og tidligare, og diskuterer ulike muligheiter for eit behandlingsprogram som vil verte evaluert seinare. Ein vert samde om kor mange behandlingar og kor ofte disse vil finne stad, og kombinasjonen av terapiar. Det er vanleg å inkludere element av dei fleste terapiane i kvar behandling, men dette er skreddarsydd for kvar pasient. Konsultasjonen vert så følgt av ein kortare terapibehandling. Seinare behandlingar tar 1 time eller 1½ time etter avtale, og inkluderer kortare konsultasjonar.