Holistisk tyder «heil», det vil seie at ein tenkjer på heile mennesket, altså både kropp, sinn og sjel i det ein gjer.

Allmenningen har eit holistisk perspektiv i yogatimane.

Frå tid til anna hentar vi inn andre holistiske terapiar og teknikkar,  for å komplementere det vi arbeider med i yogatimane.

 

No er det også mogeleg å bestille ein-til-ein time, som vert tilpassa kvar einskild. Timane tek utgangspunkt i yoga, men kan gjerne ha innslag av thaimassasjeteknikkar, og/eller Reikibehandling. Sjå her for info om timeplan og prisar.

Thaimassasje

Thaimassasje er ein trykkmassasje som komplementerer yoga særs godt. Ein ligg på madrass på golvet, og terapeuten trykker og strekk pasienten i behandlinga. I Allmenningen har vi ei mjukare-enn-vanleg tilnærming til thaimassasje, og lovar at det ikkje skal gjere vondt, men berre være godt heile tida. Ingvild er utdanna i Thailand, og tykkjer det er fint å kunne nytte denne tradisjonelle austlige terapien i yogatimane her i Bergen. Thaimassasje høver særs godt for å arbeide med ledd-og muskelproblem, stressproblematikk og kroniske problem.

Aromaterapi

Aromaterapi er velduftande, eteriske oljer som seiast å ha terapeutisk verknad. I yogatimane nyttar vi aromaterapi i oljebrennar eller diffusar (vi nyttar ikkje aromaterapi i kurs for gravide). Aromaterapi komplimenterer dei emosjonelle prosessene i yoga særs godt. Ingvild er utdanna i England, og er medlem i fagorganisasjonen Federation of Holistic Therapists. Aromaterapi høver særs godt for å arbeide med ledd-og muskelproblem, stressproblematikk og kroniske problem.

 

Her er litt meir informasjon om aromaterapi for deg som er nyfiken…

Reiki

Reiki tyder Universell Energi og er ei trygg og roleg behandlingsform. Terapeuten arbeider med kroppen sine eigne legingsmekanismar og held hendene stille på, eller over, pasienten i løpet av behandlinga. Reiki vart systematisert i Japan for godt over 100 år sidan, og har røter i klinisk omsorgsarbeid. Reiki komplimenterer dei mjuke prosessane i yoga særs godt. Ingvild er utdanna i England, og held både Reikisamlingar og utdanningshelgar her i Bergen. Reiki høver særs godt for å arbeide med ledd-og muskelproblem, stressproblematikk og kroniske problem.

 

For meir informasjon om Reiki, sjå her