For deg som er klar…

Vi har yogatimar for deg som vil arbeide med personleg vekst & utvikling. For deg som er klar til å møte deg sjølv og arbeide systematisk & grundig med kven du er, og kven du vil være. For deg som er klar til å kjenne på det du har inni deg, for å gje slepp på gamalt, og for å ta imot nytt. For deg som er klar for denne pilegrimsferda, og som tør å la deg endre. For deg som er klar til å sette deg sjølv først.   Yoga er så mykje meir enn berre trening. Hjå oss gjev vi trygge rammar for di eiga utvikling og vekst. Vi arbeidar sakte og varsamt, slik at du har tid til å kjenne etter og tid til å gje slepp. Vi arbeidar med kroppen, ikkje mot kroppen. Over tid, vil du kjenne korleis rørslerom endrar seg, og kanhende perspektiv med. Det er ingenting som gjer vondt, du er garantert ikkje for stiv til å ta del. Det einaste du treng, er avgjerda om å stille til timen. Timane våre høver for deg som vil ha det godt i livet. For deg som vil ha det godt i kroppen, og i sinnet. For deg som vil ha ro og fred i hjartet, og som vil ha det godt med deg sjølv. Timane våre er for deg som er klar til å arbeide med dette. For deg som vil styre livet ditt sjølv, og leve det så best du kan. Som vil arbeide med å sjå dei svakare sidane dine samstundes som du ser dei sterke. For deg som tør sjå heilheita....

Self-care: frå reparasjon til vedlikehald

  Då eg først starta med yoga, var eg oppteken av å finne noko som kunne styrke kroppen min og gje sinnet kvile. Eg fann Dru yoga, og var kjempenøgd. Det er så mange sider ved Dru yoga, så mykje å lære. Det er ei reise som kjem til å vare heile livet mitt. Gradvis kjente eg at musklane mine vart sterkare. Dei kommuniserte betre saman, og dei jobba betre saman. Eg kjente at eg fekk roa djupt ned, fekk ei kvile som ikkje alltid ellers var garantert. Men i yoga kom det – kvar gong. Eg kjente at gamle ting slapp taket – både i fysisk haldning og i minner og tankebanar. Gradvis har livet mitt endra seg til ein kvardag eg aldri hadde trudd var mogeleg for meg. Då eg først fann Dru yoga, var kvardagen min pressa. Eg hadde høge smertenivå, var svakeleg på fleire vis, og hadde ein utfordrande helsesituasjon. Det tok mykje arbeid frå mi side med både yoga og komplementære terapiar for å byge meg opp. Det tok nokre år å gå frå eit reparasjonsstadie til eit vedlikehaldsstadie. Det vil seie, at i byrjnga vart eg framleis dårleg mellom kvar behandling, eller vart heilt utslitt etter kvar yogatime. Det tok tid og innsats å bygge meg opp til at eg var frisk nok, sterk nok, til å halde meg nokonlunde stabil mellom kvar behandling. Slik starta mi pilegrimsvandring. I samfunnet vårt har vi så lite fokus på å halde oss friske – vi set all insats inn på å verte friske. Og det er jo supert å verte friske – men så må vi jo også være friske. Difor går...

Reaksjonar på yoga

Alle har ein reaksjon på yoga. Det kan være styrka muskler, rolegare hjarterytme eller djupare pust. Det kan være betre koordinasjon, auka motstandskraft i livet generelt eller auka sjølvtryggleik. Lågare stressnivå, høgare toleranseterskel, meir tolmod, evna og vilja til å tilgje – alt dette kan være reaksjonar på yoga. Dersom du kjem ofte, det vil seie meir enn ein gong i veka, over long tid, vil du kjenne at desse reaksjonane vert tydelegare, sterkare. Mange kjenner at dei kan gje slepp på ting dei har bore på for lenge. Kanskje sår frå eit forhald som var slutt for lenge sidan. Kanskje skuldkjensle frå tankelause ting som var sagt for mange år sidan. Sette grenser, kutte band eller våge noko nytt. Eller noko anna. Yogatimane gjev reiskap til å gjere endringar dersom du vil. I yogatimane vert vi oppmoda til å stå stille, kjenne etter og observere oss sjølve. Vi er trygge i rolege rørsler, og kjenner at dei gjer noko med kroppen, med sinnet og med sjela. Vi får rom til å nullstille oss og ta store og små avgjerder. Ingen blandar seg inn i dine prosessar, du får lov til å stå i dine eigne kjensler og tanker, til å jobbe med det som er viktig for deg. Du får lov til å halde fram med dette, heilt til du er klar for å ta dei avgjerder som er rette for deg. Yogatimane fasiliterer ein indre dialog mellom ulike deler av deg sjølv. Det er din prosess.   Gjennom året arbeidar vi oss gjennom heile spekteret av kva det vil seie å være menneske. Veke for veke tek vi føre oss deler av heilheita. På våren jobbar vi med kreativitet, på...

Livsstil og kvardagar

Eg likar kvardagane best. Det er der livet er levd. Det er der kjærleiken er. Det er der lærdomen er, og kanskje etter kvart, visdomen.   Eg vart svært oppteken av livskvalitet medan eg var sjuk for mange år sidan. Då dreia det seg mest om korleis eg kunne ta del i det som vart rekna som vanlege aktivitetar, som til dømes matvarehandling og klesvask. Kaffi med vener og grilling ein sommarskveld. Ettersom eg vart friskare og sterkare, vart livskvalitet endå viktigare. Eg fekk fleire mogelegheitar, fleire valg. Eg sette meg føre å skape meg eit liv kor eg kunne nyte kvar augneblink, kor alle dagar var like viktige. Eit liv eg ikkje trong ferie frå. No seier ikkje eg at ferie er ein dum ting – tvert imot. Men det er skilnad på ferier. Å ta ei pause i kvardagen og få lada opp att er godt. Men dersom kvardagen er så tung at ein berre drøymer om ferien, har ein kanskje ei ubalanse i livet. Så eg likar kvardagen best. Gjennom mange år har eg jobba meg fram til vaner som eg likar, og som er gode for meg. Til dømes ein god frukost kvar einaste dag. Helst saman med min kjæraste Andreas, i samtale om ting vi er samde og usamde om. Når vi tenkjer saman over kaffikoppen om morgonen, er alt klart til ein fin dag. Det er i kvardagen at lukka er, at kjærleiken bur. Kvardag og livsstil er einstydige. I dei komande åra trur eg vi kjem til å rette meir og meir merksemd på kvardagen, og på livsstilen. Mange kroniske lidingar og tilstander kjem frå uheldig...

Reiki & yoga helgekurs

Kurs 28 – 30 juli Stad: Strandgaten 207 Tid:  Dag 1: fredag 14:00 – 18:00. Dag 2: laurdag 11:00 – 17:00 Dag 3: søndag 11:00 – 17:00 Pris: 5000kr Påmelding: Trykk på denne linken   Vil du verte Reikimeister med oss? Vi inviterer til ei flott helg med mykje læring, spirituell vekst, godt selskap og eit varmt nettverk.På ei helg får du utdanning i alle nivå: Reiki i, ii og iii, inkludert Reiki Meister, til berre 5000kr. Vi meiner at Reiki er ein fantastisk reiskap som så mange som mogeleg burde få kunne, og difor held vi den superlave prisen. Denne helga byr på eit tettpakka program for personleg vekst og utvikling med Reikiutdanning alle nivå, og mykje yoga attåt. Du vil få alle reidskapene du treng for å kunne praktisere og lære bort Reiki, og vi gjer spesielt utvalde Dru yogasekvensar for å støtte læringsprosessen. Det vil ta litt tid før all denne nye kunnskapen landar i kroppen og vert fullstendig integrert, kor lenge er veldig individuelt. Du får: Reikiundervisning & attunements, yogatimar, meditasjon, lære- og referansebok, kursbevis og diplom, lett middag på fredag og lunch laurdag og søndag. Støtte og oppfølging i ettertid er del av pakka 😃 Kurset går enten på norsk eller engelsk. Læreboka er på engelsk, og vi følgjer Diane Stein sin læremodell. Vi planlegg å halde kurset i Strandgaten 207, men kjem gjerne til å flytte til eit større lokale dersom det vert naudsynt. Kurset har begrensa antal plassar. Gler oss til å høyre frå deg!...

Pilegrimsferd

Å gå mot eit mål, å sakte arbeide seg gjennom tid og rom, samstundes som ein endrast av det ein opplev, er pilegrimsferd.   Vi kjenner omgrepet frå religiøse praksisar over heile verda, men i stadig aukande grad vert omgrepet også nytta i ein sekulær kontekst. Vi nyttar omgrepet i yogapraksisen vår her i Bergen, og hentar inn det religiøse språket for å kunne tenke på, og forstå, dei prosessane som finn stad gjennom yoga. Det religiøse språket er det einaste vi har for å kunne snakke om denne sakte endringa vi opplev. Så vi låner ord og metaforer, og språket gjev form til opplevingane. Så attende til pilegrimsferda, denne lange og strabasiøse vandringa. Kva er målet med noko slikt? I ein religiøs kontekst er målet å få auka mindfulness, det å være til stades i augneblinken. Målet er å være på ei vandring, å gå gjennom prosessar, å oppleve ting undervegs. Det er jo faktisk denne undervegs som er livet. Målet er å kommunisere med verda ikring seg, med dei ein møter på vegen og være åpen for alle dei tinga som skjer. Målet er å nå ein heilag stad der ein får eit møte med noko guddommeleg, vert tilgjeven og elska. Og lega. Leging er det mest spanande av alt. Det tyder ikkje at eg vert som før. Det ville være umogeleg, for eg har opplevt mange ting sidan byrjinga. Eg har gått ein lang veg, og denne vegen har forma meg. Eg kan aldri verte som før, fordi den tida er forbi. Det er jo slik det skal være. Men eg kan verte noko nytt, noko anna. Leging tyder at ein harmoni vert...

Dharma – orden i kaos

Dharma er eit omgrep som vert mykje nytta i yogisk filosofi. Det har mange tydinger, med anna plikt, kall og orden, og er botna i den hinduistiske tanken at gjerningane til kvar einskild opprettheld universet. Det best kjende  eksempelet er kanskje Arjuna, krigaren frå Bhagavad Gita. Hans dharma var å være den beste bueskyttaren i verda, og gjere så godt han kunne. Det vil seie at Arjuna hadde eit personleg kall, ei oppgåve som berre han kunne gjere. Han var utvalgt, og det at han utførte plikten sin, var heilt naudsynt for at det som skulle skje, fekk skje. Likesom Frodo i Ringenes Herre, som var den einaste som kunne bære den farlege ringen gjennom landa til fjellet. I heltemyter ser vi denne tolkinga av dharma svært tydeleg: helten må ofre seg, gjerne gjere noko som byr han imot, for å redde verda. I moderne yogatradisjon vert ofte dharma omsett med integritet og samfunnsplikt, med evner og anlegg. Eg las nyleg Malcolm Gladwell si bok Outliers, og har reflektert over prosessen han syner skulle til før gjennombrotet eller hederen kom til kjende namn som Bill Gates og the Beatles. Alle timane med øving og trening som skulle til for å bygge opp kunnskap og erfaring, før det nærma seg ekspertnivå. Alle mogelegheitane som skulle til, og alle sjansane som måtte gripast før dei store vart, vel, store. Kanskje dette er ein form for dharma også. Kva er det du gjer best? Av alle dei tinga du gjer, av alle dei tinga du kan? Er det noko som berre du kan gjere? Ser du noko som all di livserfaring har førebudd deg til? Som ingen andre kan...

Ta vare på deg sjølv

Verda har endra seg mykje sidan bestemødrene våre veks opp. Vi har så mange andre valg no, så mange mogelegheitar. Med desse endringane kjem filosofiske og etiske spørsmål. Kvar finnast balansen mellom sjølvrealisering og egoisme? Kvar skal grensar settast mellom å delta i fellesskapet, og å gje for mykje av seg sjølv? Korleis ser ansvar ut i praksis? Kvinner i dag må lære frå grunnen av å ta ansvar for seg sjølv, ta vare på seg sjølv og å leve liva sine slik som er rett for dei. Dette kan være ei kjempeutfordring med alle dei motstridande dragningane i samfunnet vårt. Kven skal ein høyre på og lære frå? Det er like mange svar på dette som det er kvinner. Vi må alle finne vår eigen veg, og leve livet på vår eigen måte. Heldigvis finnast det reiskapar som gjer det enklare.   Yoga gjev pusterom, kjenslerom og tankerom. Her får du eit avbrekk frå kvardagen og kan nullstille deg. Her kan du legge frå deg ting og tankar som ikkje tener deg lengre, og du kan velge kva du tar med deg vidare. Du får trening og bygger opp motstand mot stress. Du lærer kvar grensene går, og korleis å gjenkjenne dei før dei er nådd. Du får tid til å kjenne på endringar, og særskilt i svangeskapsyoga er det kjempenyttig. Vi er ikkje opptekne av korleis mor kan være supersterk når ho er gravid, vi er heller opptekne av korleis mor kan førebu seg på ein mjuk og god fødsel, på kontakten mellom mor og barn, på at mor kan kjenne på kva slag mor ho vil være. Vi er opptekne av gode vaner, gode...

Kvinnedagen 2017

Det var den Internasjonale Kvinnedagen i går. Det var mange viktige parolar, og kvinner – og menn – marsjerte for ei betre verd. I dag går vi attende til dagleglivet, til vanar og rutiner. Det er her kvinnekampen finn stad, det er her praksis utspel seg.   Eg reflekterte over kva eg kan gjere sjølv, og kva råd eg kan gje andre (dersom dei spør). Eg tykkjer at det finst ein ny dimensjon med utfordringar no, som må handsamast – ein ny dimensjon i forbisnakking og misforståing. Ein dimensjon der det same begrepet vert nytta av av fleire debattantar, men dei legg ulik tyding – og ulike verdiar – i begrepa. Då går forbisnakkinga i nye høgder og lite kjem ut av det. «Feminisme» er no eit slikt begrep, skal ein tru det som skjer på tv-skjermane våre. Eg trur vi må stogge opp litt, gå djupare ned i verdiforståing, og både tenke og lytte.   Så attende til rådet mitt: Kom på yoga. I yogatimane, gjennom ulike rørsler og pusteteknikkar, jobbar eg med meg sjølv. Eg lærer at kroppen min endrar seg, og at det er ein god ting. Eg lærer at kroppen min er sterk og god, og at han fungerar betre og betre. Eg lærer at kroppen min er ein god stad å vere, og at eg er god nok.   Gjennom desse prosessane jobbar eg meg gjennom tidlegare ting, sår og arr som eg sakte gjer meg ferdig med. Eg lærer at eg treng ikkje halde på stygge ting som vart sagt til meg, eller gjort mot meg, for lenge sidan. Eg kan sleppe dei. Litt etter litt,...

Yoga for omsorgspersonar

Workshop tysdag 28 mars  Stad: Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33 Tid: 16:30 – 19:30. Pris: 500kr. Påmelding: trykk på denne linken Denne workshoppen er særskilt for omsorgspersonar. Med omsorgspersonar så meiner vi deg som alltid gjev, passar på andre, tek ansvar og set deg sjølv sist. Du arbeidar gjerne i eit omsorgsyrke, eller er omsorgsperson heime. Denne workshoppen er for deg. Vi kjem til å gjere rørsler, pusteøvingar og meditasjonsteknikkar som gjev påfyll, ro og balanse i kropp og sinn.  Workshoppen kjem til å gje deg ein pause og eit pusterom, og teknikkar du kan ta med deg inn i kvardagen din. Du treng ikkje vere fleksibel eller sprek for å ta del i denne workshoppen, berre klar for å senke skuldrene litt Omsorsgpersonar gjev mykje av seg sjølv, og går gjerne «på felgen» avdi det ikkje er mogeleg å få nok støtte, avlasting eller pause. I denne workshoppen er det omsorgspersonen som står i sentrum, og som får støtte. Du er også hjarteleg velkommen til å kome på andre yogatimar og workshops, du finn ein oversikt over kva vi gjer på her....