Pilegrimsferd

Å gå mot eit mål, å sakte arbeide seg gjennom tid og rom, samstundes som ein endrast av det ein opplev, er pilegrimsferd.   Vi kjenner omgrepet frå religiøse praksisar over heile verda, men i stadig aukande grad vert omgrepet også nytta i ein sekulær kontekst. Vi nyttar omgrepet i yogapraksisen vår her i Bergen, og hentar inn det religiøse språket for å kunne tenke på, og forstå, dei prosessane som finn stad gjennom yoga. Det religiøse språket er det einaste vi har for å kunne snakke om denne sakte endringa vi opplev. Så vi låner ord og metaforer, og språket gjev form til opplevingane. Så attende til pilegrimsferda, denne lange og strabasiøse vandringa. Kva er målet med noko slikt? I ein religiøs kontekst er målet å få auka mindfulness, det å være til stades i augneblinken. Målet er å være på ei vandring, å gå gjennom prosessar, å oppleve ting undervegs. Det er jo faktisk denne undervegs som er livet. Målet er å kommunisere med verda ikring seg, med dei ein møter på vegen og være åpen for alle dei tinga som skjer. Målet er å nå ein heilag stad der ein får eit møte med noko guddommeleg, vert tilgjeven og elska. Og lega. Leging er det mest spanande av alt. Det tyder ikkje at eg vert som før. Det ville være umogeleg, for eg har opplevt mange ting sidan byrjinga. Eg har gått ein lang veg, og denne vegen har forma meg. Eg kan aldri verte som før, fordi den tida er forbi. Det er jo slik det skal være. Men eg kan verte noko nytt, noko anna. Leging tyder at ein harmoni vert...

Dharma – orden i kaos

Dharma er eit omgrep som vert mykje nytta i yogisk filosofi. Det har mange tydinger, med anna plikt, kall og orden, og er botna i den hinduistiske tanken at gjerningane til kvar einskild opprettheld universet. Det best kjende  eksempelet er kanskje Arjuna, krigaren frå Bhagavad Gita. Hans dharma var å være den beste bueskyttaren i verda, og gjere så godt han kunne. Det vil seie at Arjuna hadde eit personleg kall, ei oppgåve som berre han kunne gjere. Han var utvalgt, og det at han utførte plikten sin, var heilt naudsynt for at det som skulle skje, fekk skje. Likesom Frodo i Ringenes Herre, som var den einaste som kunne bære den farlege ringen gjennom landa til fjellet. I heltemyter ser vi denne tolkinga av dharma svært tydeleg: helten må ofre seg, gjerne gjere noko som byr han imot, for å redde verda. I moderne yogatradisjon vert ofte dharma omsett med integritet og samfunnsplikt, med evner og anlegg. Eg las nyleg Malcolm Gladwell si bok Outliers, og har reflektert over prosessen han syner skulle til før gjennombrotet eller hederen kom til kjende namn som Bill Gates og the Beatles. Alle timane med øving og trening som skulle til for å bygge opp kunnskap og erfaring, før det nærma seg ekspertnivå. Alle mogelegheitane som skulle til, og alle sjansane som måtte gripast før dei store vart, vel, store. Kanskje dette er ein form for dharma også. Kva er det du gjer best? Av alle dei tinga du gjer, av alle dei tinga du kan? Er det noko som berre du kan gjere? Ser du noko som all di livserfaring har førebudd deg til? Som ingen andre kan...

Ta vare på deg sjølv

Verda har endra seg mykje sidan bestemødrene våre veks opp. Vi har så mange andre valg no, så mange mogelegheitar. Med desse endringane kjem filosofiske og etiske spørsmål. Kvar finnast balansen mellom sjølvrealisering og egoisme? Kvar skal grensar settast mellom å delta i fellesskapet, og å gje for mykje av seg sjølv? Korleis ser ansvar ut i praksis? Kvinner i dag må lære frå grunnen av å ta ansvar for seg sjølv, ta vare på seg sjølv og å leve liva sine slik som er rett for dei. Dette kan være ei kjempeutfordring med alle dei motstridande dragningane i samfunnet vårt. Kven skal ein høyre på og lære frå? Det er like mange svar på dette som det er kvinner. Vi må alle finne vår eigen veg, og leve livet på vår eigen måte. Heldigvis finnast det reiskapar som gjer det enklare.   Yoga gjev pusterom, kjenslerom og tankerom. Her får du eit avbrekk frå kvardagen og kan nullstille deg. Her kan du legge frå deg ting og tankar som ikkje tener deg lengre, og du kan velge kva du tar med deg vidare. Du får trening og bygger opp motstand mot stress. Du lærer kvar grensene går, og korleis å gjenkjenne dei før dei er nådd. Du får tid til å kjenne på endringar, og særskilt i svangeskapsyoga er det kjempenyttig. Vi er ikkje opptekne av korleis mor kan være supersterk når ho er gravid, vi er heller opptekne av korleis mor kan førebu seg på ein mjuk og god fødsel, på kontakten mellom mor og barn, på at mor kan kjenne på kva slag mor ho vil være. Vi er opptekne av gode vaner, gode...

Kvinnedagen 2017

Det var den Internasjonale Kvinnedagen i går. Det var mange viktige parolar, og kvinner – og menn – marsjerte for ei betre verd. I dag går vi attende til dagleglivet, til vanar og rutiner. Det er her kvinnekampen finn stad, det er her praksis utspel seg.   Eg reflekterte over kva eg kan gjere sjølv, og kva råd eg kan gje andre (dersom dei spør). Eg tykkjer at det finst ein ny dimensjon med utfordringar no, som må handsamast – ein ny dimensjon i forbisnakking og misforståing. Ein dimensjon der det same begrepet vert nytta av av fleire debattantar, men dei legg ulik tyding – og ulike verdiar – i begrepa. Då går forbisnakkinga i nye høgder og lite kjem ut av det. «Feminisme» er no eit slikt begrep, skal ein tru det som skjer på tv-skjermane våre. Eg trur vi må stogge opp litt, gå djupare ned i verdiforståing, og både tenke og lytte.   Så attende til rådet mitt: Kom på yoga. I yogatimane, gjennom ulike rørsler og pusteteknikkar, jobbar eg med meg sjølv. Eg lærer at kroppen min endrar seg, og at det er ein god ting. Eg lærer at kroppen min er sterk og god, og at han fungerar betre og betre. Eg lærer at kroppen min er ein god stad å vere, og at eg er god nok.   Gjennom desse prosessane jobbar eg meg gjennom tidlegare ting, sår og arr som eg sakte gjer meg ferdig med. Eg lærer at eg treng ikkje halde på stygge ting som vart sagt til meg, eller gjort mot meg, for lenge sidan. Eg kan sleppe dei. Litt etter litt,...

Yoga for omsorgspersonar

Workshop tysdag 28 mars  Stad: Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33 Tid: 16:30 – 19:30. Pris: 500kr. Påmelding: trykk på denne linken Denne workshoppen er særskilt for omsorgspersonar. Med omsorgspersonar så meiner vi deg som alltid gjev, passar på andre, tek ansvar og set deg sjølv sist. Du arbeidar gjerne i eit omsorgsyrke, eller er omsorgsperson heime. Denne workshoppen er for deg. Vi kjem til å gjere rørsler, pusteøvingar og meditasjonsteknikkar som gjev påfyll, ro og balanse i kropp og sinn.  Workshoppen kjem til å gje deg ein pause og eit pusterom, og teknikkar du kan ta med deg inn i kvardagen din. Du treng ikkje vere fleksibel eller sprek for å ta del i denne workshoppen, berre klar for å senke skuldrene litt Omsorsgpersonar gjev mykje av seg sjølv, og går gjerne «på felgen» avdi det ikkje er mogeleg å få nok støtte, avlasting eller pause. I denne workshoppen er det omsorgspersonen som står i sentrum, og som får støtte. Du er også hjarteleg velkommen til å kome på andre yogatimar og workshops, du finn ein oversikt over kva vi gjer på her....

Chiang Mai

Chiang Mai er vakker og idyllisk, eit perfekt feriemål for vintertrøtte nordmenn. Det var fantastisk herleg å gå av flyet til 30˚ varme. Skuldrane senka seg, og kroppen vart med laus og ledig. Vi bur på eit reit og fint gjestgjeveri like utanfor gamlebyen. Plern Plern Bed & Bike er ein triveleg stad, med små men gode rom. Det er aircondition & tv på alle rom, reine handkle og sengetøy og rett i nærleiken til alt vi treng. Det er massevis av restaurantar i nærleiken. Det er ikkje vanleg å ha kjøkken her, så dei fleste et ute kvart måltid. Vår stamrestaurant rett nede i gata er ImmAim, som er vegetar & økologisk, og målgruppa er vestlege tilreisande. Dei lagar nydelege smoothies, har god kaffi og sunne rettar. Vi drog til Chiang Mai for at eg skulle lære Thai massasje. Thaimassasje er ein trykkmassasje som lausar opp i stive musklar og ledd. Det er mykje fokus på beina, og dette heng vel saman med at bøndene gjerne har stått i rismarker heile dagen, og treng ein god massasje når dagen er over. Thaimassasje følgjer eit sakte tempo, og helst i takt med pusten til både massøren og klienten. Massasjen finn stad på ei matte på golvet, slik at det er god plass for massøren å røre seg ikring klienten. Det er ofte sagt at Thai massasje er som å gjere yoga på nokon, og det er mest i samband med yoga at eg tenkjer å praktisere dette heime. Eg går på Ong’s Thai massage school like i nærleiken, og dette er ein av dei no få thaimassasjeskulane som er anerkjende i vesten. Instruktørane er svært dyktige, og...

2017 – kva drøymer du om?

Har du tankar om eit nytt og betre liv? Er januar ein super anledning til å få orden på sakar og ting? Er det slik at du brukar ha nyttårsføresetter, og så kokar dei gjerne ut i kålen etter kvart? Når rakettene har stilna og festen er ferdig, så er det ikkje alltid så lett å halde fokus på endå ein ting som skal fiksast på. Vi har kanskje løysinga for deg…  Fredag 13 januar kl. 18:30 – 20:00 inviterer vi til workshop. Lær å sette intensjonar, planar og mål for det nye året. Realistisk og oppnåeleg, vi set planar for 2 veker om gongen, i takt med månefasane. På dette viset har du oversikt over framgangen din, slik at du kan både sjå resultat og planlegge endringar etter kvart. Eit heilt år er gjerne for mykje å planlegge i eit sprang, men to veker er noko anna. Meld deg på til workshoppen her (du kan betale med kort på sjølve workshoppen), og kjøp Moon Journal 2017 frå Amazon her, slik at du har boka i god tid før workshoppen Boka er ein super reidskap for alle som er glad i meditasjon, månen, planlegging og harmoni i livet. Kom gjerne på yoga før workshoppen, så er du avslappa i kropp og sinn. Vi gler oss til å sjå...

Reikisamlingar

Vi tilbyr no månadlege Reikisamlingar. Her kan utøvarar treffast i eit varmt fellesskap. Her kan vi utveksle erfaringar, og ikkje minst den vakre Reikienergien. Samlingane høver også for deg som er intressert i Reiki, og ynskjer å lære meir før du melder deg på kurs. Samlingane er gratis Kom gjerne på yoga før Reikisamlinga, då er du førebudd i kropp og sinn.   Vi har plass til 12 deltakarar, så meld deg på her. Bla i kalendaren og sjå kva samlingar som høver for deg. Samlingane varar i utgangspunktet i 45 minutt, og så ser vi etter kvart om vi treng meir tid. Dette er samlingar som skal styrke fellesskapet og tryggleiken på Reiki. Dei er også ein viktig del av oppfølginga for dei som har teke Reikikurs hjå oss. Vi held Reikikurs med jamne mellomrom, så det er mogeleg å få heile utdanninga hjå oss. Vi følgjer Diane Stein sin læremodell.   Vi gler oss til å ta fatt med Reikisamlingane og styrke det gode fellesskapet vi har ❤️ Du er hjarteleg...

Julestress og eit betre år

Du planlegg kanskje jula, nyttårsfeiringa, kva som må gjerast på jobb før ferien. Du planlegg kanskje gåver og lister, og freistar å skvise ein ekstra time eller to inn i døgeret. Ikkje rart folk er stressa på denne tida av året. Det er ikkje meininga at livet skal berre suse avgarde som ei diger bølge under oss, og vi klamrar oss fast til surfebrettet for harde livet. Når vi har det slik, er ting ute av balanse. Så kortid planlegg du deg sjølv? Kortid tek du grep for å få ein betre og varig balanse i livet ditt? Kortid planlegg du korleis du vil ha det? I dag, med dei travle liva våre, er det kanskje lettare å verte rivne med i farta. Rivne med på ting vi ikkje ville valgt sjølve, eller vikla inn i vanar som ikkje tener oss noko særleg. Det krev fokus å vikle seg ut att, og å finne attende til dei verdiane ein har sjølv. Her er nokre gode reidskaper til å finne ein god og varig balanse, og planlegge eit betre og meir harmonisk 2017.   1 Kom på yoga. Kvar veke, helst fleire gonger i veka. Gjennom yoga får du bearbeida tankar, kjensler og reaksjonsmønstre. Du får mestringskjensle, redusert stress. styrka musklar, gode opplevingar og ro i hjartet. Meld deg på her. 2 Mediter med månen. Det kan vere vanskeleg å finne tid til å skape ein jamnleg meditasjonsrutine, men to gonger i månaden er overkommeleg for dei aller, aller fleste. Det gjev deg også mestringskjensle, betre oversikt og ei fin ramme for dei prosessane du er i. Kjøp boka her. 3 Noter ned korleis du...

Kom på yoga

Kva vil du ha ut av livet?   No går det mot ferietid att, og dagane er travle. Det er så mykje som skal gjerast før vi kan sette oss ned og berre slappe av. Og folk spring, og forventningane er høge, og dagane berre suser forbi. Men det er fleire ting som står på lista, så det er berre å springe. Så kjem ferien. Og så vert du sjuk. Eller faller saman, liksom. Slik er det for svært mange – kanskje du også kjenner deg att.   Kor lenge er det sidan du var på yoga? Vi ser at yogatimen er noko av det første som fell ut når folk er travle. Er det fordi at eigentida er det som må ofrast? Eller fordi du ikkje eigentleg treng det? Kanskje du ikkje eigentleg fortener det? Eller du berre gløymde det? Grunnane er mange, men resultatet er det same. Du får mindre tid til å bearbeide ting, mindre tid til å la kroppen legast og mindre tid til å la sinnet kvile. Å droppe yogatimen er ei dårleg avgjerd.   Vi held alltid ope i feriane, og er klare til å halde ekstra timar også, dersom de ønskjer det. Yogatimane er gjerne det som held deg frisk, i balanse og i harmoni. Klart vi støtter dette gjennom heile ferieperioden! Ferie skal jo vere tid til å ladde opp att – så vi er klare til å ta imot heile julebesøket eller feriekolonien. Litt uortodoks er det kanskje, men det kan vere med på å gje deg og heile familien ein betre ferie og betre start på kvardagen etterpå. Påmelding til deg og...