#METOO

  Eg har lest i fleire norske avisar om #METOO-rørsla i den siste tida, og tykkjer vi har skrive oss litt ut på sidelinjene. Eg meiner debatten må rammast inn att i kva rørsla eigentleg handlar om, og i kva saka eigentleg gjeld.   #METOO handlar om at kvinner fortel at dei har opplevd seksuell trakassering.   Trakassering tyder at nokon har vore utsett for uønska merksemd, og inkluderer både små og store ting. Poenget her er ikkje kor alvorleg trakasseringa er, poenget er at trakasseringa finn stad.   Takka være sosiale medier, internett og pressedekking, er det no ikkje lengre tvil om at kvinner opplev overveldande og enorme mengder seksuell trakassering. I den grad at det er tydeleg at trakasseringa er systematisk og institusjonalisert.   Dette er ny kunnskap i den offentlege sfæra, avdi kvinner tidlegare har opplevd at dei ikkje fekk tale, ikkje vart trudde, eller at narrativet deira vart endra. Kvinner har opplevd at når dei sa frå, vart dei avbrotne, eller snakka over. Dei skjønte at ingen ville høyre forteljingane og bekymringane deira. Kvinner har opplevd at ingen har trudd dei når dei fortalte om den uhøvelege åtferda til kjende eller respektable menn. Kvinner har varsla om uønska seksuell merksemd frå menn og vart møtte med spørsmål om kva dei gjorde sjølve, kva dei hadde på seg og kvifor dei trudde denne mannen var interessert i nettopp dei. No har desse avleiings- og hersketeknikkane mista si makt.   Det er fleire konsekvensar av dette.   •Det eine er at kvinner tør å varsle og fortelje. Dette er viktig, og er i seg sjølv ein siger...

Context for meditation & Moon Journal 2018

I want to write something about meditation. About Mindfulness, about being present and about being still. Let me just say that I’m to writing about fads or gurus with dollar signs in their eyes – I’m writing about an old fashioned – some would say boring – cultural trait of Norwegians.   Norway is a country covering over 300.000 square kilometres – slightly smaller than Vietnam, slightly larger than Poland – with an extraordinarily low population. We’re just over 5 million people, giving a population density of 16 people per square kilometres. This is the same as Finland and Saudi Arabia. We have vast areas that are uninhabitable, or at least hard to inhabit. Nowadays most of us live in built up areas, towns and small cities and yet most of us retain a very close relationship with nature.   Norwegians love hiking through our amazing landscape. Mountains, plains, forests and sea shore, we love it and get out there as often as we can. We love skiing, snowboarding and parachuting – in fact any outdoor activity. In summer we can often be found in boats or small holiday homes in hard-to-get-to places. Sometimes we can spend time in nature and go days without seeing another person. With all this space, it’s easily done.   Most Norwegian children attend nursery from the age of 1. They will spend a great deal of time outdoors, rain or shine, as we believe fresh air is good for you. We have a saying: there’s no such thing as bad weather, only bad clothing. During the weekends these same children go with their...

Kvifor Moon Journal 2018 er relevant for deg

Kvart nytt år flyt nyttårsføresetta og konfettien laust. Vi er fylte av optimisme og skippertak før kvardagen kjem og dei fleste av oss vonar skjelmsk at ingen hugsar kva vi sa og lovde.   Kva om det kunne være annleis?   Dersom dette lyder kjent, er Moon Journal 2018 den perfekte boka for deg. Hjå Allmenningen yoga nyttar vi denne vakre meditasjonsboka til å leide oss gjennom året. Boka er like varsam som yogatimane, og er faktisk utvikla for at du skal kunne arbeide vidare med prosessar, tankar og kjensler heime.   Kva er spesielt med Moon Journal 2018? Det er ei meditasjonsbok med berre 33 meditasjonar for heile året. Det tyder at du har tid til å gjere alle. Berre skriv datoane inn i kalenderen din, set av 10 minutt på tampen av dagen – eller når det høver best for deg – og så greier du å fullføre utan problem. Meditasjonane finn stad på kvar ny- og fullmåne, og årstidsskifte. Boka forankrar deg i naturen, i lyset, som stadig er i endring her hjå oss. På eit vart og roleg vis, har du ein reiskap som gjev deg ein pause i kvardagen til å finne ro. Det som gjer boka spesiell, er det du skriv i henne. Moon Journal 2018 er ei arbeidsbok, med mykje skribleplass. Notér ned refleksjonar, strøtankar og kjensler som kjem opp når du tenkjer på meditasjonen. Det er også plass til intensjonar. Intensjonar er ønske, planar og draumar. Tenk på korleis du vil ha det, korleis du drøymer og at kvardagen din skal være. Intensjonane er den viktigaste delen av boka: skriv i presens og gjer...

Reiki – ei gåve frå aust

Eg fekk først oppleve Reiki for omlag 13 år sidan. Eg var litt skeptisk, fordi eg hadde ikkje høyrt om det før då, og brått var den jordnære venen min kjempegira på Reiki. Det var ein legande energi, forstod eg, som var berre heilt fantastisk. Eg måtte prøve han sjølv. Det var tretten år sidan. Sidan då har eg sjølv vorten Reikimeister, eg har byrja å lære denne fantastiske gåva til andre, og har opplevd at livet mitt har teke uventa og vedunderlege retningar.   Så kva er Reiki? Ordet Reiki tyder Universell (Rei) Energi (ki, eller chi). Det er altså ein universell energifrekvens som vart systematisert av japanaren Mikao Usui på slutten av 1800-talet. Ein kan ikkje sei at han fann opp Reiki, for det er jo ein universell energi, men ein kan sei at han oppdaga Reiki, og fann ein metode som gjorde det mogeleg for andre å lære å opne seg for Reiki. Mikao Usui levde frå 1864 til 1926, og hadde både behandlingsklinikk og skule i Japan.   Vi veit veldig lite om Mikao Usui, og opp gjennom åra har det kome til mange myter om han. Mytene seier for eksempel at Mikao Usui var ein kristen teolog, eller han var ein vandrande pilegrim, og at den universelle energien vart nytta i svunne riker som Atlantis. Slik eg forstår det, har desse forskjellige mytane utvikla seg for å forklare det underet som er Reiki. Det mytane har til felles, er at dei skildrar ein mann med integritet, og ei utøving som han lærte bort. Denne utøvinga er svært omfattande og inkluderer både moralske og praktiske regler....

For deg som er klar…

Vi har yogatimar for deg som vil arbeide med personleg vekst & utvikling. For deg som er klar til å møte deg sjølv og arbeide systematisk & grundig med kven du er, og kven du vil være. For deg som er klar til å kjenne på det du har inni deg, for å gje slepp på gamalt, og for å ta imot nytt. For deg som er klar for denne pilegrimsferda, og som tør å la deg endre. For deg som er klar til å sette deg sjølv først.   Yoga er så mykje meir enn berre trening. Hjå oss gjev vi trygge rammar for di eiga utvikling og vekst. Vi arbeidar sakte og varsamt, slik at du har tid til å kjenne etter og tid til å gje slepp. Vi arbeidar med kroppen, ikkje mot kroppen. Over tid, vil du kjenne korleis rørslerom endrar seg, og kanhende perspektiv med. Det er ingenting som gjer vondt, du er garantert ikkje for stiv til å ta del. Det einaste du treng, er avgjerda om å stille til timen. Timane våre høver for deg som vil ha det godt i livet. For deg som vil ha det godt i kroppen, og i sinnet. For deg som vil ha ro og fred i hjartet, og som vil ha det godt med deg sjølv. Timane våre er for deg som er klar til å arbeide med dette. For deg som vil styre livet ditt sjølv, og leve det så best du kan. Som vil arbeide med å sjå dei svakare sidane dine samstundes som du ser dei sterke. For deg som tør sjå heilheita....

Self-care: frå reparasjon til vedlikehald

  Då eg først starta med yoga, var eg oppteken av å finne noko som kunne styrke kroppen min og gje sinnet kvile. Eg fann Dru yoga, og var kjempenøgd. Det er så mange sider ved Dru yoga, så mykje å lære. Det er ei reise som kjem til å vare heile livet mitt. Gradvis kjente eg at musklane mine vart sterkare. Dei kommuniserte betre saman, og dei jobba betre saman. Eg kjente at eg fekk roa djupt ned, fekk ei kvile som ikkje alltid ellers var garantert. Men i yoga kom det – kvar gong. Eg kjente at gamle ting slapp taket – både i fysisk haldning og i minner og tankebanar. Gradvis har livet mitt endra seg til ein kvardag eg aldri hadde trudd var mogeleg for meg. Då eg først fann Dru yoga, var kvardagen min pressa. Eg hadde høge smertenivå, var svakeleg på fleire vis, og hadde ein utfordrande helsesituasjon. Det tok mykje arbeid frå mi side med både yoga og komplementære terapiar for å byge meg opp. Det tok nokre år å gå frå eit reparasjonsstadie til eit vedlikehaldsstadie. Det vil seie, at i byrjnga vart eg framleis dårleg mellom kvar behandling, eller vart heilt utslitt etter kvar yogatime. Det tok tid og innsats å bygge meg opp til at eg var frisk nok, sterk nok, til å halde meg nokonlunde stabil mellom kvar behandling. Slik starta mi pilegrimsvandring. I samfunnet vårt har vi så lite fokus på å halde oss friske – vi set all insats inn på å verte friske. Og det er jo supert å verte friske – men så må vi jo også være friske. Difor går...

Reaksjonar på yoga

Alle har ein reaksjon på yoga. Det kan være styrka muskler, rolegare hjarterytme eller djupare pust. Det kan være betre koordinasjon, auka motstandskraft i livet generelt eller auka sjølvtryggleik. Lågare stressnivå, høgare toleranseterskel, meir tolmod, evna og vilja til å tilgje – alt dette kan være reaksjonar på yoga. Dersom du kjem ofte, det vil seie meir enn ein gong i veka, over long tid, vil du kjenne at desse reaksjonane vert tydelegare, sterkare. Mange kjenner at dei kan gje slepp på ting dei har bore på for lenge. Kanskje sår frå eit forhald som var slutt for lenge sidan. Kanskje skuldkjensle frå tankelause ting som var sagt for mange år sidan. Sette grenser, kutte band eller våge noko nytt. Eller noko anna. Yogatimane gjev reiskap til å gjere endringar dersom du vil. I yogatimane vert vi oppmoda til å stå stille, kjenne etter og observere oss sjølve. Vi er trygge i rolege rørsler, og kjenner at dei gjer noko med kroppen, med sinnet og med sjela. Vi får rom til å nullstille oss og ta store og små avgjerder. Ingen blandar seg inn i dine prosessar, du får lov til å stå i dine eigne kjensler og tanker, til å jobbe med det som er viktig for deg. Du får lov til å halde fram med dette, heilt til du er klar for å ta dei avgjerder som er rette for deg. Yogatimane fasiliterer ein indre dialog mellom ulike deler av deg sjølv. Det er din prosess.   Gjennom året arbeidar vi oss gjennom heile spekteret av kva det vil seie å være menneske. Veke for veke tek vi føre oss deler av heilheita. På våren jobbar vi med kreativitet, på...

Livsstil og kvardagar

Eg likar kvardagane best. Det er der livet er levd. Det er der kjærleiken er. Det er der lærdomen er, og kanskje etter kvart, visdomen.   Eg vart svært oppteken av livskvalitet medan eg var sjuk for mange år sidan. Då dreia det seg mest om korleis eg kunne ta del i det som vart rekna som vanlege aktivitetar, som til dømes matvarehandling og klesvask. Kaffi med vener og grilling ein sommarskveld. Ettersom eg vart friskare og sterkare, vart livskvalitet endå viktigare. Eg fekk fleire mogelegheitar, fleire valg. Eg sette meg føre å skape meg eit liv kor eg kunne nyte kvar augneblink, kor alle dagar var like viktige. Eit liv eg ikkje trong ferie frå. No seier ikkje eg at ferie er ein dum ting – tvert imot. Men det er skilnad på ferier. Å ta ei pause i kvardagen og få lada opp att er godt. Men dersom kvardagen er så tung at ein berre drøymer om ferien, har ein kanskje ei ubalanse i livet. Så eg likar kvardagen best. Gjennom mange år har eg jobba meg fram til vaner som eg likar, og som er gode for meg. Til dømes ein god frukost kvar einaste dag. Helst saman med min kjæraste Andreas, i samtale om ting vi er samde og usamde om. Når vi tenkjer saman over kaffikoppen om morgonen, er alt klart til ein fin dag. Det er i kvardagen at lukka er, at kjærleiken bur. Kvardag og livsstil er einstydige. I dei komande åra trur eg vi kjem til å rette meir og meir merksemd på kvardagen, og på livsstilen. Mange kroniske lidingar og tilstander kjem frå uheldig...

Reiki & yoga helgekurs

Kurs 28 – 30 juli Stad: Strandgaten 207 Tid:  Dag 1: fredag 14:00 – 18:00. Dag 2: laurdag 11:00 – 17:00 Dag 3: søndag 11:00 – 17:00 Pris: 5000kr Påmelding: Trykk på denne linken   Vil du verte Reikimeister med oss? Vi inviterer til ei flott helg med mykje læring, spirituell vekst, godt selskap og eit varmt nettverk.På ei helg får du utdanning i alle nivå: Reiki i, ii og iii, inkludert Reiki Meister, til berre 5000kr. Vi meiner at Reiki er ein fantastisk reiskap som så mange som mogeleg burde få kunne, og difor held vi den superlave prisen. Denne helga byr på eit tettpakka program for personleg vekst og utvikling med Reikiutdanning alle nivå, og mykje yoga attåt. Du vil få alle reidskapene du treng for å kunne praktisere og lære bort Reiki, og vi gjer spesielt utvalde Dru yogasekvensar for å støtte læringsprosessen. Det vil ta litt tid før all denne nye kunnskapen landar i kroppen og vert fullstendig integrert, kor lenge er veldig individuelt. Du får: Reikiundervisning & attunements, yogatimar, meditasjon, lære- og referansebok, kursbevis og diplom, lett middag på fredag og lunch laurdag og søndag. Støtte og oppfølging i ettertid er del av pakka 😃 Kurset går enten på norsk eller engelsk. Læreboka er på engelsk, og vi følgjer Diane Stein sin læremodell. Vi planlegg å halde kurset i Strandgaten 207, men kjem gjerne til å flytte til eit større lokale dersom det vert naudsynt. Kurset har begrensa antal plassar. Gler oss til å høyre frå deg!...

Pilegrimsferd

Å gå mot eit mål, å sakte arbeide seg gjennom tid og rom, samstundes som ein endrast av det ein opplev, er pilegrimsferd.   Vi kjenner omgrepet frå religiøse praksisar over heile verda, men i stadig aukande grad vert omgrepet også nytta i ein sekulær kontekst. Vi nyttar omgrepet i yogapraksisen vår her i Bergen, og hentar inn det religiøse språket for å kunne tenke på, og forstå, dei prosessane som finn stad gjennom yoga. Det religiøse språket er det einaste vi har for å kunne snakke om denne sakte endringa vi opplev. Så vi låner ord og metaforer, og språket gjev form til opplevingane. Så attende til pilegrimsferda, denne lange og strabasiøse vandringa. Kva er målet med noko slikt? I ein religiøs kontekst er målet å få auka mindfulness, det å være til stades i augneblinken. Målet er å være på ei vandring, å gå gjennom prosessar, å oppleve ting undervegs. Det er jo faktisk denne undervegs som er livet. Målet er å kommunisere med verda ikring seg, med dei ein møter på vegen og være åpen for alle dei tinga som skjer. Målet er å nå ein heilag stad der ein får eit møte med noko guddommeleg, vert tilgjeven og elska. Og lega. Leging er det mest spanande av alt. Det tyder ikkje at eg vert som før. Det ville være umogeleg, for eg har opplevt mange ting sidan byrjinga. Eg har gått ein lang veg, og denne vegen har forma meg. Eg kan aldri verte som før, fordi den tida er forbi. Det er jo slik det skal være. Men eg kan verte noko nytt, noko anna. Leging tyder at ein harmoni vert...