Kva slags utfordringar har bedrifta di?

 

Held de på med krevjande endringsprosessar? Kunne trivsel, produktivitet og effektivitet og kommunikasjon vore betre? Vil de gjerne ha meir fokus på innovasjon, eller samarbeid? Slit de med stress eller slitasjeskadar? Kunne sjukefråveret vore lågare?

Allmenningen tilbyr skreddarsydde pakkar til di bedrift. Eg kan adressere akutte problem som stress og sorgarbeid, men arbeidar gjerne langsiktig som del av ei større bedriftshelseteneste. Eg har god erfaring med å arbeide tett opp mot arbeidsmiljølova. Eg kan ta føre oss tema som til dømes innovasjon, konfliktløysing, kommunikasjon og omorganisering og endring av mål for bedrifta.

Yoga kan vere ein fantastisk reiskap for å jobbe med desse tinga. Eg botnar tilbodet i sosialantropologisk forståing av relasjon og spenning mellom individ og samfunn slik det høver best for di bedrift, nett no. Eg kan også kome attende med konkrete råd for forslag til praksisendringar, dersom det er ønska. 

Mange studier syner at yoga er eit nyttig verktøy i arbeidsplassen, og Dru yoga vert mykje brukt i Storbritannia for redusering av stress og ryggsmerter. Denne lenka tek føre seg forsking på Dru yoga – ta gjerne kontakt for meir informasjon og prisoverslag.

 

Eg tilbyr også ei mentorpakke, for deg som er klar til å arbeide målretta med profesjonell og personleg vekst og utvikling.

Fokus på rygg for bedrift

Mange kjenner på ryggplagar og stivheit. Dette er noko som kan påvirke både trivsel, produktivitet og livskvalitet.

Det anerkjende kurset Dru yoga back care (Fokus på Rygg) er no tilgjengeleg for verksemder i Bergen. Gjennom regelmessige timar over ein til to månader, går deltakarane gjennom eit evidensbasert yogaprogram (Sjå her for meir info, og lenker til forsking). Deltakarane kan også gjere rørsler og øvingar mellom timane, og styrer si eiga utvikling.

Ta kontakt for meir informasjon og samtale om korleis dette kurset kan brukast i di bedrift.