#METOO

 

Eg har lest i fleire norske avisar om #METOO-rørsla i den siste tida, og tykkjer vi har skrive oss litt ut på sidelinjene. Eg meiner debatten må rammast inn att i kva rørsla eigentleg handlar om, og i kva saka eigentleg gjeld.

 

#METOO handlar om at kvinner fortel at dei har opplevd seksuell trakassering.

 

Trakassering tyder at nokon har vore utsett for uønska merksemd, og inkluderer både små og store ting. Poenget her er ikkje kor alvorleg trakasseringa er, poenget er at trakasseringa finn stad.

 

Takka være sosiale medier, internett og pressedekking, er det no ikkje lengre tvil om at kvinner opplev overveldande og enorme mengder seksuell trakassering. I den grad at det er tydeleg at trakasseringa er systematisk og institusjonalisert.

 

Dette er ny kunnskap i den offentlege sfæra, avdi kvinner tidlegare har opplevd at dei ikkje fekk tale, ikkje vart trudde, eller at narrativet deira vart endra. Kvinner har opplevd at når dei sa frå, vart dei avbrotne, eller snakka over. Dei skjønte at ingen ville høyre forteljingane og bekymringane deira. Kvinner har opplevd at ingen har trudd dei når dei fortalte om den uhøvelege åtferda til kjende eller respektable menn. Kvinner har varsla om uønska seksuell merksemd frå menn og vart møtte med spørsmål om kva dei gjorde sjølve, kva dei hadde på seg og kvifor dei trudde denne mannen var interessert i nettopp dei. No har desse avleiings- og hersketeknikkane mista si makt.

 

Det er fleire konsekvensar av dette.

 

•Det eine er at kvinner tør å varsle og fortelje. Dette er viktig, og er i seg sjølv ein siger for #METOO-rørsla. Røystene deira vert høyrde og trudde, og narrativane vert respekterte. Det har vore ein flaum av røyster, nettopp fordi dei har vore avstengte tidlegare. Problemet er altså ikkje røystene, forteljingane og varsla, men at dei ikkje har vortne lytta til tidlegare.

 

•Det andre er at fleire kvinner nemner same mann i varsla sine. Dette tyder truleg at nokre menn har hatt som vane å tvinge si vilje på kvinner, til tross for at dei har visst at merksemda og åtferda deira ikkje var ønska. Vi ser at seksualisert vald er eit stort problem, og må rette merksemd mot samtykke, overgrep og overgriparar. Samstundes har vi også rettsstatlege prinsipp å halde i hevd, og dette er ein utfordrande balanse. Korleis tek vi vare på ofre, samstundes som vi handsamer tiltalte som uskuldige, til ein dom er avlagt? #METOO-rørsla utfordrar denne balansen, ettersom den systematiske og institusjonaliserte trakasseringa har fått ture fram innanfor rettsstaten vår. Problemet er altså ikkje #METOO-rørsla, men at rettsstaten ikkje har fungert slik han skal. #METOO-rørsla har lufta skitnetøy i den offentlege sfæra, og no er det opp til rettsstaten vår å ta fatt i arbeidet. Vi må sjå endringar i handsaming av seksualisert vald i etterforsking og domgjeving, vi må få trua attende på at rettsstaten vår tek vare på alle borgarane, også kvinner. Det har vore kommentarar om mogelege falske tiltalar, som kan øydelegge rykte for uskuldige. Dette er ei avleiingsteknikk, som nemnt lengre oppe. Frykt for falske tiltaler må ikkje få overgå naudsynet i å få varsla, på lik line med i samfunnet ellers. I tillegg fell det under utøvande og dømmande styresmakter sine embete å avgjerde, ikkje di eller mi synsing.

 

•Det tredje er at det er no klart at seksuell trakassering er eit samfunnsproblem. Det er altfor mange menn som presser si uønska merksemd på kvinner. Problemet er altså ikkje at kvinner varslar, eller nytter #METOO-emneknaggen, men at kvinner vert utsette for uønska seksuell merksemd. Trakasseringa kan være meir eller mindre alvorleg – dette er som tidlegare sagt ikkje poenget. Poenget er at det er kvinna som vert utsett for det, som har definisjonsrett. Og kvinner fortel altså at dei vert utsette for uønska seksuell merksemd.

 

I seinare tid har det vore mykje merksemd på nordmenn si seksuelle åtferd, anten det gjeld bruk av prostitusjon, pornografi eller utføring av nettovergrep. Dette, og seksuell trakassering av kvinner, kan vitne om eit fråvær av respekt for kvinner på eit samfunnsnivå. Korleis lærer vi sønene våre å ha respekt for kvinner? Når det er deira fedre og onklar som har desse vanene og lystene? Korleis kan vi unngå, og rette opp att, andregjering og objektifisering av menneske? Kvar og ein av oss har eit moralsk ansvar for å være det beste menneske, og medmenneske, vi kan. Kanskje noko av vegen framover ligg nett i det individuelle ansvaret, og handsaminga, av problematikken.

 

 

Så handlar #METOO berre om kvinner? Sjølvsagt ikkje. No er #METOO den største globale feministiske rørsla vi har sett, og som ei feministisk rørsle har #METOO merksemd på maktstrukturar og kontrollmekanismar. Det er klart det finnast kvinner som utnyttar menn. Det finnast menneske som utnyttar andre menneske. Det tyder ikkje at det er ok – i eit samfunn bygga på aksept av allmenne mennesksrettar er utnytting aldri greit.

 

Det skumle med #METOO er at i eit land som Noreg, ser det kanskje ut som om det ikkje er noko særleg ubalanse i makttilhøva mellom menn og kvinner. Men no veit vi betre. Spørsmåla vert så, kva slags samfunn ynskjer vi å ha? Kva slags verdiar vil vi ha? Kva skal vi gjere med det? Kva skal du gjere med det? Her har media ein stor jobb føre seg i å utforske dette, her er er det rom for diskusjon og utforsking av mangfald og perspektiv. Det er svara på desse spørsmåla som vil avgjere kva slags påverknad #METOO kjem til å ha i ettertida.