Reiki – ei gåve frå aust

Reiki
Eg fekk først oppleve Reiki for omlag 13 år sidan. Eg var litt skeptisk, fordi eg hadde ikkje høyrt om det før då, og brått var den jordnære venen min kjempegira på Reiki. Det var ein legande energi, forstod eg, som var berre heilt fantastisk. Eg måtte prøve han sjølv. Det var tretten år sidan. Sidan då har eg sjølv vorten Reikimeister, eg har byrja å lære denne fantastiske gåva til andre, og har opplevd at livet mitt har teke uventa og vedunderlege retningar.

 

Så kva er Reiki?

Ordet Reiki tyder Universell (Rei) Energi (ki, eller chi). Det er altså ein universell energifrekvens som vart systematisert av japanaren Mikao Usui på slutten av 1800-talet. Ein kan ikkje sei at han fann opp Reiki, for det er jo ein universell energi, men ein kan sei at han oppdaga Reiki, og fann ein metode som gjorde det mogeleg for andre å lære å opne seg for Reiki. Mikao Usui levde frå 1864 til 1926, og hadde både behandlingsklinikk og skule i Japan.

 

Vi veit veldig lite om Mikao Usui, og opp gjennom åra har det kome til mange myter om han. Mytene seier for eksempel at Mikao Usui var ein kristen teolog, eller han var ein vandrande pilegrim, og at den universelle energien vart nytta i svunne riker som Atlantis. Slik eg forstår det, har desse forskjellige mytane utvikla seg for å forklare det underet som er Reiki. Det mytane har til felles, er at dei skildrar ein mann med integritet, og ei utøving som han lærte bort. Denne utøvinga er svært omfattande og inkluderer både moralske og praktiske regler. For eksempel skal ein nytte tid kvar dag på meditasjon. Og ein skal fokusere på fem ideal (meir om desse seinare), og ein skal sjå på seg sjølv som ein audmjuk reiskap. Det seiast at Usui oppdaga Reiki medan han mediterte og fasta på eit heilag fjell i Japan.

 

Det vi vet om Miako Usui er at han vaks opp i ein buddhistisk tradisjon, der han lærte blant anna krigskunster. Han var gift og hadde to barn, som begge døydde unge. Då han opna Reikiskulen sin i 1922 var den kjend som Usui dô, som betyr the way of Usui. Målet med skulen var å undervise i enlightenment, opplystheit eller saligheit. Fokuset var altså på ei spirituell vekst og bløming. Samstundes følgde det med ei evne til å kanalisere denne energien til andre, slik at han kan lege der det trengs, og det er slik vi kjenner Reiki i dag. Behandlingane var annleis enn slik dei stort sett vert praktiserte i dag: på klinikken utøvde dei Reiki i grupper av to eller fleire, og pasientane fekk gjerne fleire behandlingar kvar dag. Ein var gjerne pasient ved ein klinikk i fleire månader, og Reiki var gjeven svært intensivt.

 

Reikiutdanning og tradisjonar

Reiki har no fått mange greinar og det er mange vis å både praktisere og lære på. Eg tykkjer det er veldig greitt, for vi menneske er forskjellige, og treng ulike tilnærmingar. Som Reikistudent kan du gå mange år i lære hos din meister, eller du kan være ferdig utdanna Reikimeister på en helg. Du kan arbeide gratis for veldedige formål eller du kan ta store pengesummar for behandlingane du gjev. Du kan nytte Reiki som del av andre terapiar, eller åleine. Reiki kan trygt nyttast på både eldre menneske, barn, dyr og plantar. Noko av det som har vore mest diskutert i Reikisirklar er om ein må være til stades for å få ei Reiki-innviing når ein lærer Reiki, eller om det kan gjerast over avstand som med fjernhealing. Sjølv meiner eg at ein må være til stades og delta i heile det ritualet som innviinga er, samt å få øve seg og få tilbakemelding frå læremeisteren sin. På det viset vert det ein dynamikk i rommet mellom alle kursdeltakarane og Reikimeisteren som er heilt unik, og som er med på å skape gode arbeidsvanar, nettverk, og å bære Reikitradisjonen framover. Men eg tenkjer at dei som seier at fjern-innviing held, har gode grunnar for å meine det. Det er ikkje for meg å sei kva ein annan Reikimeister kan eller ikkje kan, eller å kritisere arbeidsmetodane deira. Vi går alle kvar vår veg, ikkje sant? Det viktigaste er at du finn ein Reikimeister som du kjenner deg trygg med, og som du trivast med.

 

Dei fem ideala som eg nemnte tidlegare er ideal for haldningar som alle Reikiutøvare bør strekke seg etter. Ettersom dei var skrive på japansk har dei fått mange omsetjingar og gjendiktingar på forskjellige språk. Den omsetjinga eg liker best lyder:

Berre for i dag –

Vel noko anna enn sinne – la det verte oppløyst

Ikkje vær engsteleg, syn ro og tryggleik

Ver takksam og audmjuk frå hjartet, respekter og verdset alt som finst

Ver god mot alt som lev, gå varsamt gjennom verda

Disse ideala kan mediterast over, sjølv les eg dei kvar morgon og kveld som del av dei daglege meditasjonane mine. Dei er gode levereglar, som gjer utøvinga av Reiki lettare, og ser til at utøvaren vert forankra i tradisjonen hen er opplærd i.

 

Dei fleste Reikimeistre snakkar om linjar, eller avstamming. Dette er dei direkte linjene av Reikimeistre heilt fra Mikao Usui til din Reikimeister. Alle Reikimeistre som er utdanna etter vestlege metodar har i alle fall dei tre første til felles, som er Mikao Usui, Chujiro Hayashi og Hawaya Takata. Det var Hawaya Takata som introduserte Reiki til vesten, via Hawaii og USA. Fru Takata lærte opp ein-og-tjue Reikimeistre, og det er her avstammingane tek til å verte ulike. I dag kan det være ganske stor forskjell mellom dei ulike tradisjonane, men for min del er dette berre understreking av det menneskelege mangfaldet. Vi har alle med oss ulike erfaringar, modningsnivå og spirituelle utøvingar, så det ville være merkeleg om ikkje Reiki reflekterte dette. I praksis tyder det at du alltid vil finne noko som høver for deg.

 

Det er tre grader, eller nivå, i Reiki: i den første graden lærer du å behandle deg sjølv og andre. I den andre graden lærer du å sende Reiki gjennom tid og rom, og i den tredje graden vert du Reikimeister, du lærer å nytte Reikisymbol og å lære bort til andre. Eg nyttar Diane Stein[1] sitt kursopplegg og lærer bort alle tre gradene på av ei helg. Tanken er at når du har fått alle tre innviingane (attunements), tek det likevel tid før energien vert integrert ordentleg. Dette vart tradisjonelt kalla ein reinseperiode, eller 21-dagers tilvenning, men mange har erfart at tida det tek ikkje kan forutseiast. Difor får du alle tre innviingane av meg på ei helg, og så støttar eg deg i tida framover i form av månadlige Reikisamlingar og anna kontakt. Poenget med å gje alle tre gradene på ein gong er at du får då ein betre sjanse til å utvikle deg i ditt eige tempo, i di eiga retning. Det er heller ikkje for meg å fastsetje når du er klar, eller ikkje. Med andre ord gjevast kontrollen over eigen spirituell utvikling over til deg.

 

Reikisamling

Reikisamlingane fungerer difor som både eit nettverk her i Bergen, og som ei mentorordning. Vi treffast ein fredagskveld i månaden og behandlar einannan, og utvekslar erfaringar. Samstundes kan nyfikne komme og få kjenne på kva Reiki er for noko, og tenkje på om dei vil ta del i eit kurs. Slik vert Reiki integrert i livet ditt på eit heilt unikt vis – dei store livsendringane som alle Reikimeistre talar om kjem kanskje gradvis, men dei er jamvel like radikale.

 

Sidan eg hadde mitt første møte med Reiki har eg teke fatt på eit helt nytt kapittel i livet mitt. Eg har flytta land, fullført ein mastergrad, teke yogainstruktørutdanning og fleire andre kurs, og sette røter i Bergen. Her tilbyr eg yogatimar, Reikiutdanning og privattimar med Reiki og Thaimassasje. Avdi Reiki er fullt integrert i meg no, er det ein ekstra reiskap eg nyttar i livet mitt. Sidan eg oppdaga Reiki har eg opplevd å verte gradvis friskare, sterkare og friare. Eg har sjølvsagt fått meir livserfaring og er vorten litt eldre, men det er meir enn det. Reiki gjev meg ei forankring, ein spirituell tryggleik. Eg nyttar Reiki til å halde meg frisk, gjere det beste ut av livet, og til å kjenne at andre menneske er mine søsken. Reiki er for meg som salt i maten – litt overalt, utan den ville dagane vore gråare. Reisa mi har vore uventa og vedunderleg, men ikkje uvanlig. Det å opne seg for Reiki er å seie ja til endring, ja til å være ein audmjuk reiskap som Reikienergien kan straume gjennom og gjere verda til ein betre stad. Å opne seg for Reiki er å sleppe inn grenselaus kjærleik.

 

 

Kjelder:

The Original Reiki Handbook of Dr. Mikao Usui, av Dr. Mikao Usui og Frank Arjava Petter

Essential Reiki, a complete guide to an ancient healing art, av Diane Stein

The Reiki Teacher’s Manual, av Tina M. Zion

The Reiki Soucrebook, av Bronwen og Frans Stiene

www.reiki.nu

 

[1] Diane Stein er ein internasjonalt anerkjend Reikimeister, forfattar av fleire Reiki- og healingbøker, og er ein autoritet innanfor kvinneleg spiritualitet.