For deg som er klar…

Blue curly mat break

Vi har yogatimar for deg som vil arbeide med personleg vekst & utvikling.

For deg som er klar til å møte deg sjølv og arbeide systematisk & grundig med kven du er, og kven du vil være.

For deg som er klar til å kjenne på det du har inni deg, for å gje slepp på gamalt, og for å ta imot nytt.

For deg som er klar for denne pilegrimsferda, og som tør å la deg endre.

For deg som er klar til å sette deg sjølv først.

 

Yoga er så mykje meir enn berre trening. Hjå oss gjev vi trygge rammar for di eiga utvikling og vekst. Vi arbeidar sakte og varsamt, slik at du har tid til å kjenne etter og tid til å gje slepp. Vi arbeidar med kroppen, ikkje mot kroppen. Over tid, vil du kjenne korleis rørslerom endrar seg, og kanhende perspektiv med. Det er ingenting som gjer vondt, du er garantert ikkje for stiv til å ta del. Det einaste du treng, er avgjerda om å stille til timen.

Timane våre høver for deg som vil ha det godt i livet. For deg som vil ha det godt i kroppen, og i sinnet. For deg som vil ha ro og fred i hjartet, og som vil ha det godt med deg sjølv. Timane våre er for deg som er klar til å arbeide med dette. For deg som vil styre livet ditt sjølv, og leve det så best du kan. Som vil arbeide med å sjå dei svakare sidane dine samstundes som du ser dei sterke. For deg som tør sjå heilheita.

Vi tek imot deg som er klar til å gjere noko, etter kanskje å ha tenkt lenge. Timane våre er for deg som gjerne vil ha endring, og leitar etter trygge rammar å tenke innanfor. Timane våre høver for deg som treng tid til å kjenne etter, og for deg som treng tid til å bearbeide. Vi ser deg, du er verdifull.

Du er hjarteleg velkommen.

Blue curly mat break