Self-care: frå reparasjon til vedlikehald

Archer header

 

Då eg først starta med yoga, var eg oppteken av å finne noko som kunne styrke kroppen min og gje sinnet kvile. Eg fann Dru yoga, og var kjempenøgd. Det er så mange sider ved Dru yoga, så mykje å lære. Det er ei reise som kjem til å vare heile livet mitt. Gradvis kjente eg at musklane mine vart sterkare. Dei kommuniserte betre saman, og dei jobba betre saman. Eg kjente at eg fekk roa djupt ned, fekk ei kvile som ikkje alltid ellers var garantert. Men i yoga kom det – kvar gong. Eg kjente at gamle ting slapp taket – både i fysisk haldning og i minner og tankebanar. Gradvis har livet mitt endra seg til ein kvardag eg aldri hadde trudd var mogeleg for meg.

Då eg først fann Dru yoga, var kvardagen min pressa. Eg hadde høge smertenivå, var svakeleg på fleire vis, og hadde ein utfordrande helsesituasjon. Det tok mykje arbeid frå mi side med både yoga og komplementære terapiar for å byge meg opp. Det tok nokre år å gå frå eit reparasjonsstadie til eit vedlikehaldsstadie. Det vil seie, at i byrjnga vart eg framleis dårleg mellom kvar behandling, eller vart heilt utslitt etter kvar yogatime. Det tok tid og innsats å bygge meg opp til at eg var frisk nok, sterk nok, til å halde meg nokonlunde stabil mellom kvar behandling. Slik starta mi pilegrimsvandring.

I samfunnet vårt har vi så lite fokus på å halde oss friske – vi set all insats inn på å verte friske. Og det er jo supert å verte friske – men så må vi jo også være friske. Difor går eg famleis til behandling ved jamne mellomrom. Medan eg kjenner meg bra, slik at eg kan halde meg bra. Vedlikehald er også førebygging, og det er her eg ser kva eg sparar både i påkjenning og pengar. Framleis held eg på med dette – eg har mine eigne ygoarutinar heime, og eg går til behandling hjå dyktige og anerkjende terapeutar. For meg er det viktig å alltid ha eit samarbeid med ein terapeut som støttar meg i ein profesjonell kapasitet. Eit profesjonelt støtteaparat. Så vil det variere kva slags terapiar eg arbeidar med. I tidlegare år har det vore mykje osteopati og aromaterapi, no er det mest soneterapi. På engelsk talar ein om self-care, det å ta vare på seg sjølv. Her i Noreg ser vi ofte på behandlingar som luksus, og på yoga som fysisk trening. Klart det er dette også, men det er så mykje meir.

Det å ta ansvaret for seg sjølv på alvor, å syte for at ein sjølv har det bra, er no på god veg inn i det norske samfunnet. Dette inkluderer forståinga av at dersom ikkje vi passar på oss sjølve, så kan vi ikkje passe på andre heller. I tidlegare år var det vanleg å sette andre først, dei som var avhengige eller trengte oss på ulikt vis. Resultatet var at vi gjekk tom, og hadde ikkje meir å gje. Vi vart gjerne krenka hvis andre ikkje gav like mykje som oss, eller vi fekk attende slik vi hadde tenkt oss. Det var ein negativ resiprositetsspiral der det var ei forventing, eit krav, om å gje. Eg har sett – og kjent på kroppen – kor skadeleg dette kan være, og er kjempeglad for endringane som er på veg. No har vi andre verdier, og arbeider med å lære å sette grenser, og passe på oss sjølve. Vi arbeider med å gje villig, utan forventing av å få noko attende. Vi arbeider med å halde oss friske og sterke, og å ha det godt. Vi tek ansvar for oss sjølve. Ein del av dette nye verdisettet er også å akseptere at vi tek ulike val. Vi treng ikkje gjere alt slik alle dei andre gjer – vi kan velje noko anna. Velje det som er riktig for kvar einskild. Lytte til samvitet og til hjartet, kjenne på balansen og harmonien i kropp og sjel og sinn, og ta avgjerder som er riktige her og no. Det er no vi lev.

Utover hausten er eg interessert i å høyre dine erfaringar med helse, pilegrimsferda til ein betre stad, vedlikehald og å være god med deg sjølv. Send meg gjerne ein epost til yoga@allmenningen.org, så kan vi ta ein prat når det høver 😃