Reaksjonar på yoga

Sukhothai header

Alle har ein reaksjon på yoga. Det kan være styrka muskler, rolegare hjarterytme eller djupare pust. Det kan være betre koordinasjon, auka motstandskraft i livet generelt eller auka sjølvtryggleik. Lågare stressnivå, høgare toleranseterskel, meir tolmod, evna og vilja til å tilgje – alt dette kan være reaksjonar på yoga. Dersom du kjem ofte, det vil seie meir enn ein gong i veka, over long tid, vil du kjenne at desse reaksjonane vert tydelegare, sterkare.

Mange kjenner at dei kan gje slepp på ting dei har bore på for lenge. Kanskje sår frå eit forhald som var slutt for lenge sidan. Kanskje skuldkjensle frå tankelause ting som var sagt for mange år sidan. Sette grenser, kutte band eller våge noko nytt. Eller noko anna. Yogatimane gjev reiskap til å gjere endringar dersom du vil.

I yogatimane vert vi oppmoda til å stå stille, kjenne etter og observere oss sjølve. Vi er trygge i rolege rørsler, og kjenner at dei gjer noko med kroppen, med sinnet og med sjela. Vi får rom til å nullstille oss og ta store og små avgjerder. Ingen blandar seg inn i dine prosessar, du får lov til å stå i dine eigne kjensler og tanker, til å jobbe med det som er viktig for deg. Du får lov til å halde fram med dette, heilt til du er klar for å ta dei avgjerder som er rette for deg. Yogatimane fasiliterer ein indre dialog mellom ulike deler av deg sjølv. Det er din prosess.

 

Gjennom året arbeidar vi oss gjennom heile spekteret av kva det vil seie å være menneske. Veke for veke tek vi føre oss deler av heilheita. På våren jobbar vi med kreativitet, på hausten avslutting. Om vinteren jobbar vi med indre refleksjon, og det å akseptere seg sjølv, og om sommaren det å ha bakkekontakt. Vi tek føre oss planlegging, gjennomføring og resultat, eller konsekvensar. Dersom du ikkje er nøgde med resultata, får du tid til å sjå på prosessen din, justere forventingar og prøve ein gong til. Når du kjem godt førebudd til yogatimen, og veit kva du vil jobbe med, er det god sjanse for at du får ein god og djup prosess.

 

Gjennom yogatimane vert vi merksame på alle vala vi har. Alt ansvaret vi har. Yogatimane vert vakre haldepunkt i travle, og stadig betre, kvardagar. Du vert meir sensitive når du gjer yoga – du kjenner det kanskje etter eit år eller to, at du ikkje lenger liker dei same tinga som før. Du vert flinkare til å skilje ut kva som gjev deg påfyll, og kva som tappar deg tom. Du vert betre til å passe på deg sjølv, til å være god med deg sjølv.

Kanskje kjem du på yoga for å få støtte til å tenkje nytt. Eller til å få motvekt til ein kjedeleg jobb. Eller trening og avspenning. Uansett kva motivasjonen din er, vil du få reaksjonar. Kva du vel å gjere med desse reaksjonane på yoga, er opp til deg. Det er din yoga ❤️