Livsstil og kvardagar

Blackberries1
Eg likar kvardagane best. Det er der livet er levd. Det er der kjærleiken er. Det er der lærdomen er, og kanskje etter kvart, visdomen.

 

Eg vart svært oppteken av livskvalitet medan eg var sjuk for mange år sidan. Då dreia det seg mest om korleis eg kunne ta del i det som vart rekna som vanlege aktivitetar, som til dømes matvarehandling og klesvask. Kaffi med vener og grilling ein sommarskveld. Ettersom eg vart friskare og sterkare, vart livskvalitet endå viktigare. Eg fekk fleire mogelegheitar, fleire valg. Eg sette meg føre å skape meg eit liv kor eg kunne nyte kvar augneblink, kor alle dagar var like viktige. Eit liv eg ikkje trong ferie frå.

No seier ikkje eg at ferie er ein dum ting – tvert imot. Men det er skilnad på ferier. Å ta ei pause i kvardagen og få lada opp att er godt. Men dersom kvardagen er så tung at ein berre drøymer om ferien, har ein kanskje ei ubalanse i livet.

Så eg likar kvardagen best. Gjennom mange år har eg jobba meg fram til vaner som eg likar, og som er gode for meg. Til dømes ein god frukost kvar einaste dag. Helst saman med min kjæraste Andreas, i samtale om ting vi er samde og usamde om. Når vi tenkjer saman over kaffikoppen om morgonen, er alt klart til ein fin dag. Det er i kvardagen at lukka er, at kjærleiken bur.

Kvardag og livsstil er einstydige. I dei komande åra trur eg vi kjem til å rette meir og meir merksemd på kvardagen, og på livsstilen. Mange kroniske lidingar og tilstander kjem frå uheldig livsstil. Det tyder at det er ting vi gjer i kvardagen som ikkje er gode for oss. Som ikkje styrkjer oss. Meir og meir må vi ta individuelt ansvar for levesettet vårt – for kvardagen vår – og ta andre, sunnare og heldigare valg. Det er tross alt mitt liv, og mi helse. Mitt ansvar.

Ei av dei viktigaste tinga i ein sunnare livsstil, i ein betre kvardag og i møte med kroniske tilstander, er kvile. God kvalitet kvile, og gode rutiner på det. Dei fleste er flinkare til å jobbe og til å kaste bort tid, enn dei er til å kvile effektivt. Men kvile er ofte nøkkelen til ein betre kvardag, til ei betre helse. Særleg i møte med kroniske tilstander er effektiv kvile kjempeviktig.  Dersom du har utfordringar med å kvile effektivt, kan du lære dette på yoga. Du vil sansynlegvis verte forbausa over kor stor skilnad effektiv kvile gjer.

Det er ein britisk lege som tala mykje om kor viktig kvile er. Han talar også om mat, rørsle og søvn. Denne tilnærminga til å handsame livsstilssjukdomar er så revolusjonerande at BBC har laga to seriar om dette. Dr. Chatterjee bur hjå ein familie i nokre veker, og freistar å gjenopprette balansen i kvardagen deira. Resultata er forbløffande og lovande. Du finn Dr. Chatterjee på facebook , twitter og på nettet. Dersom du vil lese meir om Dr. Chatterjee sin tilnærming til mat, rørsle, kvile og søvn, kan du sjå heimesida hans.

Eg trur på kvardagen.