Reiki & yoga helgekurs

Kurs 28 – 30 juliReiki og yogahelg

Stad: Strandgaten 207

Tid:  Dag 1: fredag 14:00 – 18:00.

Dag 2: laurdag 11:00 – 17:00

Dag 3: søndag 11:00 – 17:00

Pris: 5000kr

Påmelding: Trykk på denne linken

 

Vil du verte Reikimeister med oss? Vi inviterer til ei flott helg med mykje læring, spirituell vekst, godt selskap og eit varmt nettverk.På ei helg får du utdanning i alle nivå: Reiki i, ii og iii, inkludert Reiki Meister, til berre 5000kr. Vi meiner at Reiki er ein fantastisk reiskap som så mange som mogeleg burde få kunne, og difor held vi den superlave prisen.
Denne helga byr på eit tettpakka program for personleg vekst og utvikling med Reikiutdanning alle nivå, og mykje yoga attåt. Du vil få alle reidskapene du treng for å kunne praktisere og lære bort Reiki, og vi gjer spesielt utvalde Dru yogasekvensar for å støtte læringsprosessen. Det vil ta litt tid før all denne nye kunnskapen landar i kroppen og vert fullstendig integrert, kor lenge er veldig individuelt.
Du får: Reikiundervisning & attunements, yogatimar, meditasjon, lære- og referansebok, kursbevis og diplom, lett middag på fredag og lunch laurdag og søndag. Støtte og oppfølging i ettertid er del av pakka 😃
Kurset går enten på norsk eller engelsk. Læreboka er på engelsk, og vi følgjer Diane Stein sin læremodell. Vi planlegg å halde kurset i Strandgaten 207, men kjem gjerne til å flytte til eit større lokale dersom det vert naudsynt. Kurset har begrensa antal plassar. Gler oss til å høyre frå deg!