Pilegrimsferd

PilgrimageÅ gå mot eit mål, å sakte arbeide seg gjennom tid og rom, samstundes som ein endrast av det ein opplev, er pilegrimsferd.

 

Vi kjenner omgrepet frå religiøse praksisar over heile verda, men i stadig aukande grad vert omgrepet også nytta i ein sekulær kontekst. Vi nyttar omgrepet i yogapraksisen vår her i Bergen, og hentar inn det religiøse språket for å kunne tenke på, og forstå, dei prosessane som finn stad gjennom yoga. Det religiøse språket er det einaste vi har for å kunne snakke om denne sakte endringa vi opplev. Så vi låner ord og metaforer, og språket gjev form til opplevingane.

Så attende til pilegrimsferda, denne lange og strabasiøse vandringa. Kva er målet med noko slikt? I ein religiøs kontekst er målet å få auka mindfulness, det å være til stades i augneblinken. Målet er å være på ei vandring, å gå gjennom prosessar, å oppleve ting undervegs. Det er jo faktisk denne undervegs som er livet. Målet er å kommunisere med verda ikring seg, med dei ein møter på vegen og være åpen for alle dei tinga som skjer. Målet er å nå ein heilag stad der ein får eit møte med noko guddommeleg, vert tilgjeven og elska. Og lega.

Leging er det mest spanande av alt. Det tyder ikkje at eg vert som før. Det ville være umogeleg, for eg har opplevt mange ting sidan byrjinga. Eg har gått ein lang veg, og denne vegen har forma meg. Eg kan aldri verte som før, fordi den tida er forbi. Det er jo slik det skal være. Men eg kan verte noko nytt, noko anna. Leging tyder at ein harmoni vert gjenoppretta, at det er ok, at du er god nok. Leging tyder at eg vert heil att, som i eit fullstendig, fullverdig menneske. Leging tyder at eg får fred i kroppen, i sinnet og i sjela, at dei høyrer saman og er i balanse.

Orda heil, leging, helse og heilag har samme rot i språket vårt. Leging handlar om korleis eg taklar livet eg lev, valga eg tek og konsekvensane av desse. Leging er tett knytta til livskvalitet, ogOg alt heng saman, i ein komplisert og vakker vev: når eg tek betre valg og avgjerder, kan eg også nyte resultata i større grad. Det handlar ikkje om å være frisk heile tida, det handlar og å være i prosessane, og oppleve dei, lære av dei. Når eg kan nyte livet meir, opplevast det også som betre. Når eg slappar av, er positiv og fredfull, kan også kroppen og sinnet reparere seg betre og gjere meg meir solid.

 

Så, attende til yoga. I yogatimene jobbar vi med rørsler der vi varsamt utfordrar kroppen. Vi strekk oss, styrker musklar og koordinerer kroppen på vis som ofte kan være litt framand. Vi pustar djupt og nyttar alt vi har i oppgåva vi er i, der og då. Så legg vi til tanker, visualiserer og fyller sinnet med gode ord til oss sjølve. Og vi kviler djupt og trygt, let prosessane utfolde seg. Vi let endring finne stad. Dette gjer noko med oss – det er som å gå ein uvant veg, og så å kome til eit utkikspunkt. Vi kviler der, ser utover og kjenner fred i hjartet. Så gjer vi oss klare til å gå vidare. Vi ser ikkje kor langt vi skal gå, vi kan berre sjå kor langt vi har kome. Og reisa, den gjer noko med oss, der vi går på pilegrimsferd.

 

Dersom du finn dette interessant, så kan du lese her om pilegrimsferd, leging, kronisk sjukdom og meir. Og vi kan gjerne prate om pilegrimsferd og leging etter ein yogatime ein dag 😃