Dharma – orden i kaos

WarriorsDharma er eit omgrep som vert mykje nytta i yogisk filosofi. Det har mange tydinger, med anna plikt, kall og orden, og er botna i den hinduistiske tanken at gjerningane til kvar einskild opprettheld universet. Det best kjende  eksempelet er kanskje Arjuna, krigaren frå Bhagavad Gita. Hans dharma var å være den beste bueskyttaren i verda, og gjere så godt han kunne. Det vil seie at Arjuna hadde eit personleg kall, ei oppgåve som berre han kunne gjere. Han var utvalgt, og det at han utførte plikten sin, var heilt naudsynt for at det som skulle skje, fekk skje. Likesom Frodo i Ringenes Herre, som var den einaste som kunne bære den farlege ringen gjennom landa til fjellet. I heltemyter ser vi denne tolkinga av dharma svært tydeleg: helten må ofre seg, gjerne gjere noko som byr han imot, for å redde verda.

I moderne yogatradisjon vert ofte dharma omsett med integritet og samfunnsplikt, med evner og anlegg. Eg las nyleg Malcolm Gladwell si bok Outliers, og har reflektert over prosessen han syner skulle til før gjennombrotet eller hederen kom til kjende namn som Bill Gates og the Beatles. Alle timane med øving og trening som skulle til for å bygge opp kunnskap og erfaring, før det nærma seg ekspertnivå. Alle mogelegheitane som skulle til, og alle sjansane som måtte gripast før dei store vart, vel, store. Kanskje dette er ein form for dharma også.

Kva er det du gjer best? Av alle dei tinga du gjer, av alle dei tinga du kan? Er det noko som berre du kan gjere? Ser du noko som all di livserfaring har førebudd deg til? Som ingen andre kan gjere like godt som du? Korleis gjer du verda til ein betre stad? Kanskje det er din dharma. Kanskje kan desse tankane om eit konsept frå andre sida av jorda, hjelpe deg til å ta djerve valg som fører deg nærmare fridom og lukke. Kanskje det berre er eit interessant tankeeksperiment. Kven veit? Sjølv tykkjer eg omgrepet er interessant, problematisk og utfordrande. Vi kan gjerne prate meir etter ein yogatime ein dag.

 

Kjelder:

Knut A. Jacobsen: Hinduismen

Joseph Campbell: The Hero with a Thousand Faces

Malcolm Gladwell: Outliers