Ta vare på deg sjølv

Ta vare på deg sjølvVerda har endra seg mykje sidan bestemødrene våre veks opp. Vi har så mange andre valg no, så mange mogelegheitar. Med desse endringane kjem filosofiske og etiske spørsmål. Kvar finnast balansen mellom sjølvrealisering og egoisme? Kvar skal grensar settast mellom å delta i fellesskapet, og å gje for mykje av seg sjølv? Korleis ser ansvar ut i praksis? Kvinner i dag må lære frå grunnen av å ta ansvar for seg sjølv, ta vare på seg sjølv og å leve liva sine slik som er rett for dei. Dette kan være ei kjempeutfordring med alle dei motstridande dragningane i samfunnet vårt. Kven skal ein høyre på og lære frå? Det er like mange svar på dette som det er kvinner. Vi må alle finne vår eigen veg, og leve livet på vår eigen måte. Heldigvis finnast det reiskapar som gjer det enklare.

 

Yoga gjev pusterom, kjenslerom og tankerom. Her får du eit avbrekk frå kvardagen og kan nullstille deg. Her kan du legge frå deg ting og tankar som ikkje tener deg lengre, og du kan velge kva du tar med deg vidare. Du får trening og bygger opp motstand mot stress. Du lærer kvar grensene går, og korleis å gjenkjenne dei før dei er nådd. Du får tid til å kjenne på endringar, og særskilt i svangeskapsyoga er det kjempenyttig. Vi er ikkje opptekne av korleis mor kan være supersterk når ho er gravid, vi er heller opptekne av korleis mor kan førebu seg på ein mjuk og god fødsel, på kontakten mellom mor og barn, på at mor kan kjenne på kva slag mor ho vil være. Vi er opptekne av gode vaner, gode tanker og gode rørsler. Av avslapping, av å få kvile djupt inne i sjela, å få fri opp tankane slik at dei kan være meir tilstades i augneblinken. Av korleis mor kan handsame ulike identitetar og krav samstundes på harmonisk vis, sette grensar som er støttande og positive. Berre når ein først tek vare på seg sjølv, kan ein passe godt på andre. Yoga er ein fantastisk reiskap i denne prosessen. Ta vare på deg sjølv.

 

Dersom du har bruk for litt ekstra støtte, tilbyr vi også individuelle timar med yoga, thaimassasje, aromaterapi og Reiki. Det kan være nyttig etter sjukdom eller slitsame perioder, og somme tider er ein behandling alt du treng for å kome i balanse. Vi ser fram til å høyre frå deg ?

Registrering og påmelding: momoyoga.com/allmenningenyoga