Kvinnedagen 2017

Sideillustrasjon2

Det var den Internasjonale Kvinnedagen i går. Det var mange viktige parolar, og kvinner – og menn – marsjerte for ei betre verd. I dag går vi attende til dagleglivet, til vanar og rutiner. Det er her kvinnekampen finn stad, det er her praksis utspel seg.

 

Eg reflekterte over kva eg kan gjere sjølv, og kva råd eg kan gje andre (dersom dei spør). Eg tykkjer at det finst ein ny dimensjon med utfordringar no, som må handsamast – ein ny dimensjon i forbisnakking og misforståing. Ein dimensjon der det same begrepet vert nytta av av fleire debattantar, men dei legg ulik tyding – og ulike verdiar – i begrepa. Då går forbisnakkinga i nye høgder og lite kjem ut av det. «Feminisme» er no eit slikt begrep, skal ein tru det som skjer på tv-skjermane våre. Eg trur vi må stogge opp litt, gå djupare ned i verdiforståing, og både tenke og lytte.

 

Så attende til rådet mitt: Kom på yoga. I yogatimane, gjennom ulike rørsler og pusteteknikkar, jobbar eg med meg sjølv. Eg lærer at kroppen min endrar seg, og at det er ein god ting. Eg lærer at kroppen min er sterk og god, og at han fungerar betre og betre. Eg lærer at kroppen min er ein god stad å vere, og at eg er god nok.

 

Gjennom desse prosessane jobbar eg meg gjennom tidlegare ting, sår og arr som eg sakte gjer meg ferdig med. Eg lærer at eg treng ikkje halde på stygge ting som vart sagt til meg, eller gjort mot meg, for lenge sidan. Eg kan sleppe dei. Litt etter litt, sakte men sikkert. I takt med at musklane styrkast og strekkast. Eg lærer å sette grensar, eg lærer kva som er mitt problem og ikkje. Lærer å prøve ut nye tankar, utvider verda mi og tek ansvar for meg sjølv på eit nytt vis. Lærer at eg treng ikkje alltid reagere eller ta ting personleg. Tør å utfordre meg sjølv med «kvifor», slik at eg går djupare ned tydinga av verdiane mine. Somme stunder vert eg overraska over kva eg finn der, og kan rette på ting dersom det er naudsynt.

 

Eg lærer at vi er forskjellige, og at desse skilnadene er ok. Eg veit ikkje nokon annan stad der skilnader er så ok som i yoga. Det aleine er grunn til å kome på yoga. Og eg lærer om likeverd, og alt som det tyder. Eg lærer også at yoga, kroppen min, sinnet mitt, livet mitt, det er min reise, som er annleis enn alle andre sin reise. Sakte veks det fram ein ny vissheit som botnar identiteten min på eit nytt vis. Eg er verdifull. Eg er unik. Frå denne stille erkjenninga kan eg vere med på å gjere verda betre. Når eg har det godt med meg sjølv, kan eg ta gode avgjerder, gjere godt i dagleglivet mitt og utøve den nestekjærleiken som er så lett å snakke om men så vanskeleg å gjere.

Sideillustrasjon3

Poenget er at for å kunne skape rettferd, kva no enn ein ser for seg at det er, må ein først sjølv kjenne seg verdifull. Ein må sjølv vere trygg før ein kan gjere uventa og gode ting mot andre. Ein må sjølv kjenne på sitt eige menneskeverd, ha kjærleik og omsorg for seg sjølv. Berre då kan ein gje utan forventingar til å få noko attende. Yoga gjev reiskapar til å endre praksis, til å ta nye og betre gjennomtenkte avgjerder i dagleglivet. Yoga gjev erfaring i å handle frå kjærleik i standen for frå frykt. Yoga gjev overførbare kunnskapar for korleis å handsame utfordringar, konflikt og ansvar. Yoga gjev erfaring i å vere verdifull, i å vere elska, i å vere eit medmenneske. Kom på yoga.