Yoga for omsorgspersonar

Workshop tysdag 28 mars Yoga deg

Stad: Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33

Tid: 16:30 – 19:30.

Pris: 500kr.

Påmelding: trykk på denne linken

Denne workshoppen er særskilt for omsorgspersonar. Med omsorgspersonar så meiner vi deg som alltid gjev, passar på andre, tek ansvar og set deg sjølv sist. Du arbeidar gjerne i eit omsorgsyrke, eller er omsorgsperson heime. Denne workshoppen er for deg.

Vi kjem til å gjere rørsler, pusteøvingar og meditasjonsteknikkar som gjev påfyll, ro og balanse i kropp og sinn.  Workshoppen kjem til å gje deg ein pause og eit pusterom, og teknikkar du kan ta med deg inn i kvardagen din. Du treng ikkje vere fleksibel eller sprek for å ta del i denne workshoppen, berre klar for å senke skuldrene litt :-)

Omsorsgpersonar gjev mykje av seg sjølv, og går gjerne «på felgen» avdi det ikkje er mogeleg å få nok støtte, avlasting eller pause. I denne workshoppen er det omsorgspersonen som står i sentrum, og som får støtte.

Du er også hjarteleg velkommen til å kome på andre yogatimar og workshops, du finn ein oversikt over kva vi gjer på her.

Velkommen ❤

New header