Chiang Mai

Chiang Mai er vakker og idyllisk, eit perfekt feriemål for vintertrøtte nordmenn. Det var fantastisk herleg å gå av flyet til 30˚ varme. Skuldrane senka seg, og kroppen vart med laus oPlern Plerng ledig.

Vi bur på eit reit og fint gjestgjeveri like utanfor gamlebyen. Plern Plern Bed & Bike er ein triveleg stad, med små men gode rom. Det er aircondition & tv på alle rom, reine handkle og sengetøy og rett i nærleiken til alt vi treng.

Det er massevis av restaurantar i nærleiken. Det er ikkje vanleg å ha kjøkken her, så dei fleste et ute kvart måltid. Vår stamrestaurant rett nede i gata er ImmAim, som er vegetar & økologisk, og målgruppa er vestlege tilreisande. Dei lagar nydelege smoothies, har god kaffi og sunne rettar.

ThaimassasjeVi drog til Chiang Mai for at eg skulle lære Thai massasje. Thaimassasje er ein trykkmassasje som lausar opp i stive musklar og ledd. Det er mykje fokus på beina, og dette heng vel saman med at bøndene gjerne har stått i rismarker heile dagen, og treng ein god massasje når dagen er over. Thaimassasje følgjer eit sakte tempo, og helst i takt med pusten til både massøren og klienten. Massasjen finn stad på ei matte på golvet, slik at det er god plass for massøren å røre seg ikring klienten. Det er ofte sagt at Thai massasje er som å gjere yoga på nokon, og det er mest i samband med yoga at eg tenkjer å praktisere dette heime. Eg går på Ong’s Thai massage school like i nærleiken, og dette er ein av dei no få thaimassasjeskulane som er anerkjende i vesten. Instruktørane er svært dyktige, og det pedagogiske opplegget er særs bra. Studenten får utdelt ein kursmanual, som ho noterer i undervegs. Instruktørane demonstrerer og forklarar, så er det øving. På 5 dagar har studenten lært ein enkel thaimassasjerutine for bein, armar, hovud og rygg. Dersom ein vil ta det vidare, er det eit 5-dagars kurs som tek studenten til eit profesjonelt nivå. Det er intensiv men kjekk læring, og det er fint om studenten kan noko anatomi på førehand ettersom det ikkje vert undervist i dette på kurset.

Sunday marketEllers er det masse marknadar for både turistar og lokale. Lørdagsmarknad, søndagsmarknad, Night bazaar – den siste er meir turistprega enn dei to andre. Her er fine stader for å nyte livet & varmen i kveldsmørkret, god gatemat, handlaga ting og suvenirar. Det er også marknader der dei lokale kjøper frukt, grønsaker, kjøtt, og alt som finnst mellom himmel og jord.

SONY DSC

Det finst også mange templar i nærleiken. Buddhistiske templar er stille stader til ettertanke, der går ein inn og møter Gud (dersom ein er ein deistisk buddhist) eller det beste i seg sjølv (dersom ein er ein filosofisk buddhist). Bygningane er dekorerte med gull og fine utskjæringar, og mytiske dyr vaktar taket og inngangsdøra. Inne sit ein på golvet, og ser opp mot dei mange Buddhastatuane som fyller tempelet. Det er gjerne munkar til stade som kan gje velsigningar SONY DSCdersom ein vil ha det. Då sprinklar dei heilag vatn, og ynskjer det
lukke, eit langt liv og alt godt. Atmosfæra er gjerne lik andre heilage stader, og kan templar kan være fine å sitte i for stille ettertanke anten ein er oppteken av spirituelle ting eller ikkje.

Denne turen har absolutt gjeve meirsmak – vi er alt i ferd med å planlegge ein tur til neste år. Dersom du vil vere med, så ta kontakt med oss! Vi tenker det ville vere fint å kunne treffe vener og kjende til ein lunch frå tid til anna, medan de utforsker byen på eiga hand. Vi kan ta dagsturar saman, og
a ein laus ramme kring turen. Chiang Mai er ein super stad for ein ferie på vinterstid :-) Vi reknar med at vi må bestille turen tidleg til hausten, så tenk på det og sei frå i god tid om de vil vere med. Gler oss til å høyre frå dykk!