Reikisamlingar

reiki-squareVi tilbyr no månadlege Reikisamlingar. Her kan utøvarar treffast i eit varmt fellesskap. Her kan vi utveksle erfaringar, og ikkje minst den vakre Reikienergien. Samlingane høver også for deg som er intressert i Reiki, og ynskjer å lære meir før du melder deg på kurs. Samlingane er gratis :-) Kom gjerne på yoga før Reikisamlinga, då er du førebudd i kropp og sinn.

 

Vi har plass til 12 deltakarar, så meld deg på her. Bla i kalendaren og sjå kva samlingar som høver for deg. Samlingane varar i utgangspunktet i 45 minutt, og så ser vi etter kvart om vi treng meir tid. Dette er samlingar som skal styrke fellesskapet og tryggleiken på Reiki. Dei er også ein viktig del av oppfølginga for dei som har teke Reikikurs hjå oss. Vi held Reikikurs med jamne mellomrom, så det er mogeleg å få heile utdanninga hjå oss. Vi følgjer Diane Stein sin læremodell.

 

Vi gler oss til å ta fatt med Reikisamlingane og styrke det gode fellesskapet vi har ❤️ Du er hjarteleg velkommen!