Kom på yoga

Kva vil du ha ut av livet?blomar

 

No går det mot ferietid att, og dagane er travle. Det er så mykje som skal gjerast før vi kan sette oss ned og berre slappe av. Og folk spring, og forventningane er høge, og dagane berre suser forbi. Men det er fleire ting som står på lista, så det er berre å springe.

Så kjem ferien. Og så vert du sjuk. Eller faller saman, liksom.

Slik er det for svært mange – kanskje du også kjenner deg att.

 

Kor lenge er det sidan du var på yoga?

Vi ser at yogatimen er noko av det første som fell ut når folk er travle. Er det fordi at eigentida er det som må ofrast? Eller fordi du ikkje eigentleg treng det? Kanskje du ikkje eigentleg fortener det? Eller du berre gløymde det? Grunnane er mange, men resultatet er det same. Du får mindre tid til å bearbeide ting, mindre tid til å la kroppen legast og mindre tid til å la sinnet kvile. Å droppe yogatimen er ei dårleg avgjerd.

 

Vi held alltid ope i feriane, og er klare til å halde ekstra timar også, dersom de ønskjer det. Yogatimane er gjerne det som held deg frisk, i balanse og i harmoni. Klart vi støtter dette gjennom heile ferieperioden! Ferie skal jo vere tid til å ladde opp att – så vi er klare til å ta imot heile julebesøket eller feriekolonien. Litt uortodoks er det kanskje, men det kan vere med på å gje deg og heile familien ein betre ferie og betre start på kvardagen etterpå.

Påmelding til deg og heile hurven her kan gjerast her, vi gler oss til å høyre frå dykk.

 

Kom på yoga ❤️ Ver god med deg sjølv ❤️