Yogatimen dekoda i sju steg

SONY DSC

Kom tidleg

Kom 10 minutter før timen byrjar, det gjev deg tid til å kome på plass og finne roen. Du kan gjerne meditere på matta di til timen byrjar. Kom til ro og pust djupt. Tenk på kva du vil jobbe med denne gongen – kanskje du vil utvide tolmodet, eller gje slepp på gamle band. Kanskje du vil drøyme nye draumer – sjå det for deg der du sit stille på matta di. Ver merksam på stive musklar og ledd, og førebu deg til timen. Og sjølvsagt er det ingen som går før timen er heilt ferdig og vi har takka for i dag.

Ha med ditt eige utstyr

Ha på deg klede du kan røre deg i, gjerne i fargar som gjer deg glad. Vi brukar klede i naturmateriale. Yogamatter og anna utstyr skal ikkje delast av hygieniske grunnar, så du må ha med di eiga matte. Pass på å ha med deg nok vatn, og eit pledd til avslappinga. Ha med deg ei sittepute også. Korrekt sittestilling i meditasjon er viktig for å ikkje feilbelaste kroppen. Spør gjerne instruktøren din om råd om yogautstyr.

Skru av mobilen

Ingenting skal uroe timen og opplevingane der.

Ver stille

Timen skal være ei salig stund for alle som tek del. Den einaste røysten som skal høyrast, er instruktøren sin. Svar gjerne på spørsmål frå instruktøren med eit enkelt ja eller nei – eller ei rørsle. Ver merksam på å ikkje uroe dei andre, alle er på si eiga reise og arbeider med ulike ting i timen.

Følg instruksane

I yogatimen vil du lære nye måtar å røre kroppen din på. Du vil lære korleis du styrker og brukar musklane dine dersom du følg instruksane. Slik kan du måle eigen framgang etterkvart. Instruktøren gjev også rettleiing i korleis du kjem inn i ein posisjon på ein god anatomisk måte, og på eit vis som høver for deg. Lytt til kroppen din og grensene dine, og utvid dei sakte og varsamt. Alt skal kjennast godt – det skal være ei deilig oppleving kvar gong.

Kjenn etter

Gjennom yoga kan du verte kjent med deg sjølv på ein heilt ny måte. I den stille opplevinga har du sjanse til å kjenne etter kva som skjer i kroppen og i kjenslene dine. Gjev plass til endring, og stå stille i deg sjølv. Bruk tid mellom yogatimene til å reflektere. Gje slepp på det som ikkje lenger tener deg, og kjenn etter korleis det føles.

Ta med deg det du har lært

SONY DSC

Gjennom å vere til stades, uten fordom og fyllt med kjærleik kan vi vekse som menneske. Yoga gjev deg reiskap til å takle motgang og medgang, og er ein nyttig filosofi i den moderne verda. Praktiser heime, gå gjerne til andre yoga- og treningstimar, og kom gjerne fleire gonger i veka. Då får du maksimalt utbytte av både den fysiske og mentale sida av yoga. Yoga er først og framst ei måte å vere i verda på – og det er di eiga reise :-)